Tekstbasen 2 - Nynorsksenteret –

TEKSTBASEN

Nynorske sakprosatekstar i ulike sjangrar

ikon

Bokstavkjeks forskjellsbehandlar ikkje

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Sætre kjeks, 2007

«Vi er glade for å informera deg om at Bokstavkjeks ikkje forskjellsbehandlar NYNORSK og BOKMÅL...»


ikon

Bratt skredjord og kjærleik

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Balholm AS, 2013

"Fruktbøndene i Sogn er vane med eit liv i bratte motbakkar. Langs dei irrgrøne liene opp frå Sognefjorden ligg dei minste fruktgardane i landet..."


ikon

Den fagre jenta vil ut å blenkja

Skrive av Nationen Nationen, Nationen, 2014

Reklame for avisa Nationen


ikon

Du ser ikkje dobbelt

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Specsavers

No får du 2 par progressive for prisen av 1

Akkurat no får du to par progressive briller frå 1495,-. Når vi seier 2 for 1 og gir eit par briller med på kjøpet for 0,- er innfatningane sjølvsagt i same priskategori og har same kvalitetsglas frå PENTAX. For hos Specsavers treng ikkje kvalitet koste ein formue.


ikon

Epleferda i Hardanger

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, TINE, 2008

TINE bruker det kjende maleriet "Brureferda i Hardanger" som inspirasjon når dei i denne reklamen sel eplejuice frå Hardanger.


ikon

Folgefonna. Frå fjord til fonn

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Direktoratet for naturforvaltning

Den første kjende omtalen av Folgefonna finn vi i Peder Claussøn Friis si bok «Norriges oc Omliggende Øers sandfærdige Bescriffuelse» frå 1613. Friis fann Folgefonnhalvøya storslagen og dramatisk. Landskapet i denne delen av Hardanger er så vakkert at det kan måle seg med det ypperste i Europa.


ikon

Frå evig is til frodige stølsdalar

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Direktoratet for naturforvaltning

I Breheimen finn ein både nokre av dei mest nedbørsrike og dei mest nedbørsfattige områda i landet. Området spenn frå nesten havnivå til godt over 2000 m. Landskapet har blitt forma av isbrear, skred og andre geologiske prosessar gjennom hundretusener av år. I dag finn ein alt i frå frodige stølsdalar til karrig høgfjell og isbrear, og Breheimen framstår som ein av dei mest varierte nasjonalparkane våre.


ikon

Hardangervidda. Det største høgfjellsplatået i Nord-Europa

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Direktoratet for naturforvaltning

Hardangervidda er eit særleg verdifullt høgfjellsområde, og er Noregs største nasjonalpark. Området er viktig som tilhaldsstad for dei største villreinflokkane i Europa, og dei største delbestandane av mange fåtalige fugleartar i Sør-Noreg. Vidda byr på eit stort plantemangfald i skjeringspunktet mellom austlege og vestlege artar (kyst – innlandsartar). Fjellvidda med dei tusen sjøar er og eit eldorado for fjellvandrarar med telt og fiskestong. Spor etter mennesket sin bruk av naturen er framtredande på Hardangervidda, både som sleper/ferdselsvegar, buer og stølar. Jakt og fiskeressursane vert i dag aktivt utnytta av dei som bur rundt vidda.


ikon

Heimespøta

Skrive av Ragnhild Storsletten Åse, Heimespøta

(plakat for arrangement)


ikon

Heimespøta

Skrive av Ragnhild Storsletten Åse, Heimespøta, 2013

(plakat for arrangement)


ikon

Hugs bilbelte

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Statens vegvesen, 2005

Reklameplakat frå ein kampanje vegvesenet har hatt langs vegar og i magasin sidan 2005


ikon

Ingen har meir bær og færre kaloriar i syltetøyet

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Lerum, 2007

«Har du tenkt på at bær er noko av det sunnaste du kan eta? Fulle av vitaminer og antioksidantar som kroppen treng og som til og med smakar godt? Så når du ikkje et meir syltetøy er det sjølvsagt fordi mange typar inneheld sukker. (...)»


ikon

Jostedalsbreen. Eit landskap forma av is og vatn

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Direktoratet for naturforvaltning

Jostedalsbreen nasjonalpark har ei enorm spennvidde i naturtypar frå frodig edellauvskog i låglandet til isbrear og høgfjell med arktisk klima. Jostedalsbreen har ei samanhengjande lengde på vel 6 mil, og med sine 487 km2 dekkjer den omlag 2/5 av nasjonalparken. Verdiar knytt til brear, breelvar, morenar og vegetasjon er viktige vernekvalitetar. Kulturlandskapet i stølsdalane har også stor verdi.


ikon

JOTUNHEIMEN. Jotnar på Noregs tak...

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Direktoratet for naturforvaltning

«Jøtunheimen» døypte Aasmund Olavsson Vinje fjella her i 1862, inspirert av det ville landskapet og norrøn mytologi. Jotnane – trolla – har heimen sin her. Jøtunheimen vart seinare til Jotunheimen, og det namnet brukar vi i dag på dette mektige området med dei høgaste fjella i Nord-Europa.


ikon

Kraftfull og nyskapande med lokale røter

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Sogn og Fjordane Energi AS, 2007

«Kraftfull SFE har evne til å utføre store oppgåver for lokalsamfunna; som tilgang på kraft frå tradisjonelle og nye energikjelder, distribusjon av kraft, breibandutbygging. (...)»


ikon

La den ganga fyre, som vegen veit

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Tussa, 2007

«Tussa går føre som leiande leverandør av IT-tenester (...)»


ikon

Lerum - Noregs folkesaft!

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Lerum, 2007

«Kvalitet gjennom 4 generasjonar har gjort Lerum til Noregs mest kjente og selde saft. I ei undersøking gjort av ACNielsen skåra Lerum klart høgast på kjennskap (top of mind) av alle saftmerker i Noreg. (...)»


ikon

Lerum reklamefilmar

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Lerum

Eit utval reklamefilmar frå saftprodusenten Lerum.


ikon

Lerums milde appelsinjus og Lerums eplejus

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Lerum, 2013

Reklame frå Lerum. "I saftbygda i Sogn har me vore særs opptekne av frukt og bær i over 100 år..."


ikon

Naturen er for alle

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Skogstad Sport, 2013

Annonse frå Skogstad Sport


ikon

No opnar McDonald's på Stord!

Skrive av Stord McDonald's, McDonald, 2014

"Den 20. november opnar vi vår første restaurant i Sunnhordland. Vi feirar med mykje moro og ikkje minst gode opningstilbod."


ikon

Ooooh, vi reiser saman

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, www.ruteinfo.net, 2007

Nettstaden www.ruteinfo.net er ein portal for kollektivtransport i Sogn og Fjordane. Gjennom denne reklamen spelar nettstaden på ein gammal Olav Stedje-klassikar, og får samstundes fram nytten i å reise kollektivt.


ikon

Saftrevolusjonen held fram - 3 nye friske smakar

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Lerum, 2007

«Lerum «Utan tilsett sukker» kjem no i 3 nye friske smakar. Alle variantar i den populære saftserien inneheld heile 97% råsaft av ekte frukt og bær.»


ikon

Saftrevolusjonen!

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Lerum, 2007

«Lerum «Utan tilsett sukker» - ein heilt ny saftserie med heile 97% råsaftinnhald! (...)»


ikon

Sko frå Milano

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Tussa, 2007

«Sko frå Milano, Buss frå Volda, Balanse frå yoga, Mobil frå Tussa (...)»


ikon

Ta juleklippen hos oss

Skrive av Kib & Morits, I saksa, 2010

Julekampanje frå frisøren I SAKSA i Volda bruker saksene på ein noko utradisjonell måte.


ikon

Tussa Breiband

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Tussa, 2007

«No aukar vi farten din med 50%. Har du også lyst på lynraskt internett? Gå til www.tussa.no og legg inn telefonnummeret ditt for å finne eit abonnement som passar til ditt bruk! (...)»


ikon

Vestlandsbankens kupongsparing

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Vestlandsbanken

Nynorsk reklamefilm for kupongsparing i Vestlandsbanken frå 1959.


ikon

Vestnorsk fjordlandskap

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Direktoratet for naturforvaltning

Dei korte avstandane mellom fjord og høgfjell, i tillegg til stadvis særs gunstige lokalklimatiske tilhøve gjer at fjellblomar kan vekse side om side med artar ein forbind med sørlegare breiddegradar. Mangfaldet av planteartar er stort og variert i det brattlendte fjordlandskapet. På gamal kulturmark er det over tid utvikla sjeldne artar som krev beite og slått for å leve.


ikon

Villmark med veidemannsspor

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Direktoratet for naturforvaltning

Reinheimen nasjonalpark ligg i det nest største inngrepsfrie området i Sør-Noreg, og villmark pregar dette særs varierte fjellområdet. Dei høgste fjella i nasjonalparken reiser seg over 2000 m.o.h, medan det lågaste punktet ligg under Trollveggen ca. 130 m.o.h. Her finn vi mykje av det opphavlege fjelløkosystemet med villrein, jerv, kongeørn, jaktfalk og ryper.


ikon

Vossatassar

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Vossatassar, 2013

For born med leik som livsstil


Reklamar

ikon Reklame stammar frå det latinske reclamare som eigentleg tyder "å rope igjen og igjen". Reklamar har ein identifiserbar sendar og står oftast på betalt plass i eit massemedium. Bodskapen kan ha form som ein annonse i ei avis, som eit innslag på TV eller i radio, som ein brosjyre eller ei reklameavis som vert levert i postkassa, eller som eit skilt eller ein plakat på ein offentleg stad.

Reklame skil seg frå redaksjonelt stoff i massemedium ved at han er plassert, betalt og styrt av eit firma som driv kommersiell verksemd – og ikkje av redaksjonen. Reklamen er einsidig og subjektiv.

Reklamen tyr ofte til retoriske verkemiddel som tropar og figurar. I reklamen er retorikk meir ikonisk enn i den klassiske, verbale retorikken. Det vil seie at han ofte er dominert av biletet, i motsetnad til det verbale som gjerne dominerer den klassiske retorikken.

Reklamen nyttar også kjende verkemiddel innan biletkomposisjon, som det gylne snitt.

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.