Tekstbasen 2 - Nynorsksenteret –

TEKSTBASEN

Nynorske sakprosatekstar i ulike sjangrar

ikon

Bokstavkjeks forskjellsbehandlar ikkje

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Sætre kjeks, 2007

«Vi er glade for å informera deg om at Bokstavkjeks ikkje forskjellsbehandlar NYNORSK og BOKMÅL...»


ikon

Du ser ikkje dobbelt

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Specsavers

No får du 2 par progressive for prisen av 1

Akkurat no får du to par progressive briller frå 1495,-. Når vi seier 2 for 1 og gir eit par briller med på kjøpet for 0,- er innfatningane sjølvsagt i same priskategori og har same kvalitetsglas frå PENTAX. For hos Specsavers treng ikkje kvalitet koste ein formue.


ikon

Epleferda i Hardanger

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, TINE, 2008

TINE bruker det kjende maleriet "Brureferda i Hardanger" som inspirasjon når dei i denne reklamen sel eplejuice frå Hardanger.


ikon

Hugs bilbelte

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Statens vegvesen, 2005

Reklameplakat frå ein kampanje vegvesenet har hatt langs vegar og i magasin sidan 2005


ikon

Naturen er for alle

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Skogstad Sport, 2013

Annonse frå Skogstad Sport


ikon

Ooooh, vi reiser saman

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, www.ruteinfo.net, 2007

Nettstaden www.ruteinfo.net er ein portal for kollektivtransport i Sogn og Fjordane. Gjennom denne reklamen spelar nettstaden på ein gammal Olav Stedje-klassikar, og får samstundes fram nytten i å reise kollektivt.


ikon

Ta juleklippen hos oss

Skrive av Kib & Morits, I saksa, 2010

Julekampanje frå frisøren I SAKSA i Volda bruker saksene på ein noko utradisjonell måte.


ikon

Vossatassar

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Vossatassar, 2013

For born med leik som livsstil


Reklamar

ikon Reklame stammar frå det latinske reclamare som eigentleg tyder "å rope igjen og igjen". Reklamar har ein identifiserbar sendar og står oftast på betalt plass i eit massemedium. Bodskapen kan ha form som ein annonse i ei avis, som eit innslag på TV eller i radio, som ein brosjyre eller ei reklameavis som vert levert i postkassa, eller som eit skilt eller ein plakat på ein offentleg stad.

Reklame skil seg frå redaksjonelt stoff i massemedium ved at han er plassert, betalt og styrt av eit firma som driv kommersiell verksemd – og ikkje av redaksjonen. Reklamen er einsidig og subjektiv.

Reklamen tyr ofte til retoriske verkemiddel som tropar og figurar. I reklamen er retorikk meir ikonisk enn i den klassiske, verbale retorikken. Det vil seie at han ofte er dominert av biletet, i motsetnad til det verbale som gjerne dominerer den klassiske retorikken.

Reklamen nyttar også kjende verkemiddel innan biletkomposisjon, som det gylne snitt.

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.