Tekstbasen 2 - Nynorsksenteret –

TEKSTBASEN

Nynorske sakprosatekstar i ulike sjangrar

ikon

Den store ekspedisjonen

Skrive av Geir Egil Eiksund, Goggenbloggen, 2011

"Øyvind og Geir Egil har vore på tur. På lang og høg tur. Slikt blir det film av!"


ikon

Fordummande?

Skrive av Tone Damli, Tone Damli blogg, 2012

Det verste eg veit e å bli hakka på uten å kunne slå tilbake. Det e eit såkalla Catch 22 det der, uansettt kå eg gjer, så blir det feil. Svara eg på kritikken e eg enten hårsår, uproff eller sutrete. Derfor velge eg i dag å sei som Kjell Inge Røkke og Sylvia Brustad; "Je e forbanna".


ikon

Hjartesmil

Skrive av Mariell Øyre, Hjartesmil

Mariell Øyre er ein ung bloggar, som i følgje seg sjølv mellom anna "...elskar tulipanar, britiske forteljarstemmer, truser som ser ut som bakverk, lukta av gamle klede, grammofonar, jenter med rosa hår, kanninasar, origami, sløyfer i håret, makronar og lukta av appelsiner..."


ikon

Kvinnemakt: slå ein mann, anmeld han så for å ha slått deg.

Skrive av Anne Viken, Anne Viken Blogg, 2011

"Ein gong sat eg på kjøkkenet hos ein kamerat og tok ein øl. Klokka var tolv på kvelden, ute var det mørkt. Vi brygga oss ein kopp te. Alt var stilt og roleg, men det varte ikkje lenge. Brått kom eksdama. Ho gjekk rett inn, utan å banke på. Først såg ho stygt på meg, så skjelte ho ut han etter notar fordi eg var der. Ho var rasande galen og alkoholpåverka. "


ikon

Litterært svartsyn mot miljøkrise

Skrive av Marta Norheim, NRK, 2014

"Klimakrisa har skapt tonnevis med bøker. Lat oss ei kort stund oversjå det ikkje heilt klimanøytrale ved papirbruken, og vende blikket mot skjønnlitteraturen. Der går det meste til helvete, er det det vi treng no?"


ikon

Mystisk flugedød skakar Fjærland

Skrive av Johannes Eggen Mundal, Johannes-bloggen, 2011

"Torsdag ettermiddag vart det funne eit titalls daude fluger i snøen i Mundal. Flugedøden vert sett i samanheng med daude fuglar som har regna ned over Amerika, Sverige og andre uforståelege geografiske koordinatar siste veka."


ikon

Ravatn, Agnes: Fugletribunalet (Samlaget 2013)

Skrive av Mai Lene, Once Upon A Time, 2014

Bokmelding


ikon

Skarpe skular, sløv direktør

Skrive av Eli Bjørhusdal, Jostedalsrypa - Blogg frå bygda, 2011

"Midt i sommarens realitypuppar og kronprinsessekjolar har Dagbladet hatt iallfall éi skikkeleg sak: Avisa har sjekka kva som er dei beste norske skulekommunane. Resultatet var at relativt små kommunar gjer det skarpast på skule. Luster, kommunen min, vart kåra til den fjerde beste skulekommunen i landet. Her er åtte barneskular fordelte på 5000 innbyggjarar, og fleirtalet av desse skulane er små. På skulen til ungane mine er det knapt tretti elevar, null mobbing og gode resultat. Vesle Sogn og Fjordane er då òg eitt av dei aller beste skulefylka i landet, målt etter nasjonale prøvar."


Blogginnlegg

ikon Ein blogg, ei kortform av engelske web blog, på norsk vevblogg, er eit omgrep om ei nettside der ein eller fleire forfattarar ytrar synspunkt og fortel om det som skjer i verda. Ofte kan lesarar av bloggen skrive svar og reaksjonar til det som står, og poste dei direkte til eit innlegg.
Det finst bloggar som er reine dagbøker, medan andre er meir retta mot eit samfunnstema. Webloggar gjer også ofte ivrig bruk av peikarar til andre nettstader og ikkje minst andre webloggar.
I mange land har bloggar fått ei viktig rolle i samfunnsdebatten, med avsløringar, politiske meiningar og som ein måte å organisere til politisk verksemd.


Bloggar kan vera skrivne i eit uformelt, talemålsnært språk, som skil seg frå den normerte nynorsken.

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.