Tekstbasen 2 - Nynorsksenteret –

TEKSTBASEN

Nynorske sakprosatekstar i ulike sjangrar

ikon

Brende Linnés bestemor på bålet

Skrive av Ottar Fyllingsnes, Dag og Tid, 2007

«Der er 300 år sidan Carl von Linné vart fødd, og Sverige feirar botanikaren heile året. Fullt så bra gjekk det ikkje med tippoldemora, som vart brend på bålet i Stavanger.

Linné-året er det største vitskaplege jubileet i Sverige nokosinne. Det er lagt opp til meir enn 300 arrangement – frå nord til sør i landet. Alle er med – frå Vitskapsakademiet til Riksutstillingar og lokale utstillingar, lensmuseum og Skansen. Det er laga bøker, filmar, ein symfoni og skuleprosjekt, og hundretals skular vil vera Linnéskular. Startskotet gjekk i Råshult, på Linnés fødestad utanfor Växjö i januar.(...)»


ikon

DDR og den raude terroren

Skrive av Roald Helgheim, Dag og Tid, 2007

«Det austtyske regimet gav ikkje berre vesttyske terroristar ein fristad. Stasi visste tidleg meir om terroristane enn styresmaktene i vest, og medverka aktivt til at dei kunne halde fram med aksjonane sine, skriv ein dansk DDR-forskar i ei ny bok.

Det var rett før den tyske samlinga i 1990 det vart avslørt at den austtyske tryggingstenesta hadde gjeve opphald og ny identitet til ti ettersøkte terroristar frå Rote Armee Fraktion (RAF), den leiande terroristorganisasjonen i Vest-Tyskland i sytti- og åttiåra. Dei ti kom til DDR i perioden 1980–82, og vart tekne godt vare på av Ministerium für Staatssicherheit (MfS), betre kjent som Stasi. Offisielt tok regimet i aust avstand frå terrorisme på eit ideologisk grunnlag. Ei underavdeling av MfS, Hauptabteilung XXII, hadde eit særskilt ansvar for å halde auge med den terroristiske faren og avhopparane frå vest. (...)»


ikon

Folk trudde ikkje at jorda var flat

Skrive av Gard Espeland, Norsk Barneblad, 2012

Ofte blir det sagt at folk i gamle dagar trudde at jorda var flat. Det er ikkje rett.


ikon

Marsrover inspirert av vindblåste plantar

Skrive av Unni Eikeseth, NRK, 2012

Rullande robotballar som blir ført av garde med vinden kan bli NASAs framtidige utforskarar av planeten Mars.

[...]


ikon

Oppdaga ny insektart på Flickr

Skrive av Unni Eikeseth, NRK, 2012

Eit amatørbilete av eit uvanleg insekt viste seg å vere ny art. – Godt eksempel på samarbeid mellom forskarar og amatørar, seier norsk biolog.

[...]


ikon

Politiske leverskadar

Skrive av Per Anders Todal, Dag og Tid, 2014

Det norske alkoholkonsumet har auka med nær 40 prosent på tjue år, mykje grunna auka tilgang og lågare pris. Likevel vil Høgre og Frp liberalisere alkoholpolitikken vidare.


ikon

Ta vare på regnskogen

Skrive av Steinar Sund, Norsk Barneblad, 2013

Kva har gummistøvlar, coca cola, vanilje og peanøtter til felles? Regnskogen.


ikon

Tsjernobyl-ulykka kan lesast av i årringar

Skrive av Unni Eikeseth, NRK, 2013

Nye studiar viser at dyr og plantar enno slit med følgjene av den radioaktive strålinga etter Tsjernobyl-ulykka.


ikon

Wikipedia på nynorsk

Skrive av fleire skribentar, Wikipedia

Nynorsk oppslagsverk på Internett.


Populærvitskapleg artikkel

ikon Mange artiklar presenterer ikkje fyrst og fremst nyheiter, men kunnskap frå ulike fagområde, som natur, historie, helse osb. Gjennom den populærvitskaplege artikkelen vert fagleg kunnskap forenkla og formidla på ein slik måte at alle skal kunna forstå. Vi kallar dette populærvitskapleg artikkel, men det er ein viss overlapp med det som vert kalla bakgrunnsartikkel. Populærvitskaplege artiklar kan ofte verta brukte som kjelder og modelltekstar når elevar skriv fagartikkel.

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.