Tekstbasen 2 - Nynorsksenteret –

TEKSTBASEN

Nynorske sakprosatekstar i ulike sjangrar

ikon

35 meter lang dinosaur!

Skrive av Nana Rise-Lynum, Norsk Barneblad, 2007

I Kina har dei funne beinrestar etter ein dinosaur som må ha vore minst 35 meter lang. Berre halsen er 15 meter lang. Men særleg farleg for folk var han ikkje, denne langhalsdinosauren, for alt tyder på at han berre åt planter. Dinosauren levde for om lag 150 millionar år sidan.


ikon

Et vi det same over heile verda?

Skrive av Nana Rise-Lynum, Norsk Barneblad, 2007

Er du muslim eller jøde, så er krokodiller, slangar og froskelår ikkje god mat. Men er du fransk, kinesisk eller frå Karibia, så er froskelår nammenam.Også i sørstatane i USA er frosken populær på middagsbordet.

I Thailand, Australia og Sør-Afrika er krokodille normalt i kosten. I enkelte delar av USA er klapperslangen ein godbit til fest.

Er du amerikanar, synest du duer er ekle og slettes ikkje til å ete. Men mange stader i Sentral-Europa og i Asia er due rekna som vanleg mat.


ikon

Folk trudde ikkje at jorda var flat

Skrive av Gard Espeland, Norsk Barneblad, 2012

Ofte blir det sagt at folk i gamle dagar trudde at jorda var flat. Det er ikkje rett.


ikon

Kva er god bordskikk?

Skrive av Nana Rise-Lynum, Norsk Barneblad, 2007

Det er ikkje god bordskikk å ete med fingrane eller å slikke dei reine. Eller er det kanskje det? Ja, det er berre eit spørsmål om kvar du er når du gjer det. Er du i Marokko, er det fint, men er du i Russland, er det heller tvilsamt.

Her i landet sit vi på stolar rundt middagsbordet, som er dekt med tallerkar, knivar, gaflar og glas. Maten set vi på bordet på serveringsfat som vi sender rundt til kvarandre. Det er høfleg å berre ta litt på tallerkenen sin om gongen og heller forsyne seg fleire gongar. På bordet set vi ofte fram tannpirkarar til den som måtte trenge det. Når måltidet er ferdig, går vi gjerne inn i stova og drikk kaffi der.


ikon

Ta vare på regnskogen

Skrive av Steinar Sund, Norsk Barneblad, 2013

Kva har gummistøvlar, coca cola, vanilje og peanøtter til felles? Regnskogen.


Populærvitskapleg artikkel

ikon Mange artiklar presenterer ikkje fyrst og fremst nyheiter, men kunnskap frå ulike fagområde, som natur, historie, helse osb. Gjennom den populærvitskaplege artikkelen vert fagleg kunnskap forenkla og formidla på ein slik måte at alle skal kunna forstå. Vi kallar dette populærvitskapleg artikkel, men det er ein viss overlapp med det som vert kalla bakgrunnsartikkel. Populærvitskaplege artiklar kan ofte verta brukte som kjelder og modelltekstar når elevar skriv fagartikkel.

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.