Tekstbasen 2 - Nynorsksenteret –

TEKSTBASEN

Nynorske sakprosatekstar i ulike sjangrar

ikon

Bollar, brød og lukketreff

Skrive av Janne Vibeke Rosenberg, Fjord1-magasinet

«For kokken Morten Schakenda var draumen aldri eige bakeri eller hus på landet. Men likevel blei det slik. I dag driv han det anerkjende Bakeriet i Lom, og folk køyrer milevis for å kjøpe varmt brød og kveitebollar laga på gamlemåten.»


ikon

Danserettleiingar

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, http://www.folkedans.com/

«Her finst det omtale av ein del dansar som er vanleg i bruk i norske leikarringar. Eg har teke utgangspunkt i dansar som er brukt i Symra i seinare år. Rettleiingane er relativt stutte til hjelp for minne. Dersom dansane er omtala i rettleiingsbøker eller hefte, er det også vist til desse. Eller til omtale andre stader på Internett. »


ikon

Fakta om Handhygiene

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Matportalen.no

Matportalen presenterer forbrukarretta informasjon frå offentlege myndigheiter og forskingsmiljø. Hovudfokus for portalen er sunn og trygg mat. Portalen skal vere ein inngang til forbrukarorientert informasjon, omhandle risikovurderingar og forslag til handtering av risiko innan matområdet.


ikon

Folgefonna. Frå fjord til fonn

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Direktoratet for naturforvaltning

Den første kjende omtalen av Folgefonna finn vi i Peder Claussøn Friis si bok «Norriges oc Omliggende Øers sandfærdige Bescriffuelse» frå 1613. Friis fann Folgefonnhalvøya storslagen og dramatisk. Landskapet i denne delen av Hardanger er så vakkert at det kan måle seg med det ypperste i Europa.


ikon

Frå evig is til frodige stølsdalar

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Direktoratet for naturforvaltning

I Breheimen finn ein både nokre av dei mest nedbørsrike og dei mest nedbørsfattige områda i landet. Området spenn frå nesten havnivå til godt over 2000 m. Landskapet har blitt forma av isbrear, skred og andre geologiske prosessar gjennom hundretusener av år. I dag finn ein alt i frå frodige stølsdalar til karrig høgfjell og isbrear, og Breheimen framstår som ein av dei mest varierte nasjonalparkane våre.


ikon

Hardangervidda. Det største høgfjellsplatået i Nord-Europa

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Direktoratet for naturforvaltning

Hardangervidda er eit særleg verdifullt høgfjellsområde, og er Noregs største nasjonalpark. Området er viktig som tilhaldsstad for dei største villreinflokkane i Europa, og dei største delbestandane av mange fåtalige fugleartar i Sør-Noreg. Vidda byr på eit stort plantemangfald i skjeringspunktet mellom austlege og vestlege artar (kyst – innlandsartar). Fjellvidda med dei tusen sjøar er og eit eldorado for fjellvandrarar med telt og fiskestong. Spor etter mennesket sin bruk av naturen er framtredande på Hardangervidda, både som sleper/ferdselsvegar, buer og stølar. Jakt og fiskeressursane vert i dag aktivt utnytta av dei som bur rundt vidda.


ikon

Jostedalsbreen. Eit landskap forma av is og vatn

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Direktoratet for naturforvaltning

Jostedalsbreen nasjonalpark har ei enorm spennvidde i naturtypar frå frodig edellauvskog i låglandet til isbrear og høgfjell med arktisk klima. Jostedalsbreen har ei samanhengjande lengde på vel 6 mil, og med sine 487 km2 dekkjer den omlag 2/5 av nasjonalparken. Verdiar knytt til brear, breelvar, morenar og vegetasjon er viktige vernekvalitetar. Kulturlandskapet i stølsdalane har også stor verdi.


ikon

JOTUNHEIMEN. Jotnar på Noregs tak...

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Direktoratet for naturforvaltning

«Jøtunheimen» døypte Aasmund Olavsson Vinje fjella her i 1862, inspirert av det ville landskapet og norrøn mytologi. Jotnane – trolla – har heimen sin her. Jøtunheimen vart seinare til Jotunheimen, og det namnet brukar vi i dag på dette mektige området med dei høgaste fjella i Nord-Europa.


ikon

Sjokolade er ein dispersjon

Skrive av Erik Fooladi, Naturfagsenteret

Ikkje berre er sjokolade godt. Det er og ei kompleks blanding som fell utanfor våre vanlege oppfatningar om at verda er bygd opp av dei tre ulike formene for stoff: faste stoff, væsker og gassar. I denne artikkelen finn du både gode råd og faglege forklaringar med utgangspunkt i ei oppskrift frå sjokolademakar Henning Opseth.


ikon

Vestnorsk fjordlandskap

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Direktoratet for naturforvaltning

Dei korte avstandane mellom fjord og høgfjell, i tillegg til stadvis særs gunstige lokalklimatiske tilhøve gjer at fjellblomar kan vekse side om side med artar ein forbind med sørlegare breiddegradar. Mangfaldet av planteartar er stort og variert i det brattlendte fjordlandskapet. På gamal kulturmark er det over tid utvikla sjeldne artar som krev beite og slått for å leve.


ikon

Villmark med veidemannsspor

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Direktoratet for naturforvaltning

Reinheimen nasjonalpark ligg i det nest største inngrepsfrie området i Sør-Noreg, og villmark pregar dette særs varierte fjellområdet. Dei høgste fjella i nasjonalparken reiser seg over 2000 m.o.h, medan det lågaste punktet ligg under Trollveggen ca. 130 m.o.h. Her finn vi mykje av det opphavlege fjelløkosystemet med villrein, jerv, kongeørn, jaktfalk og ryper.


Rettleiingar

ikon Rettleiing i bruk av noko. Gjerne ein vanleg kjend regel eller framgangsmåte.

Ei rettleiing er eit sett instruksjonar som skildrar korleis noko gjerast, setjast saman eller lagast.

Rettleiinga fortel gjerne noko om rekkefølgja for det ein skal gjere, som dansetrinna i ein dans eller monteringa av delane i eit møbel, eller om blandingsforholdet i til dømes matoppskrifter.

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.