Tekstbasen 2 - Nynorsksenteret –

TEKSTBASEN

Nynorske sakprosatekstar i ulike sjangrar

ikon

Å etablere eit språk med andre menneske

Skrive av Marit Lajord, Framtida, 2013

Tuva Svendsen lærte seg samisk som 9-åring. Her fortel ho om prosessen, språket og identiteten.


ikon

All that jazz

Skrive av Cecilie Molvær Jørgensen, ELLE interiør, 2008

Hilde Louise var ikkje i tvil om kva ho ville vise fram då ELLE Interiør skulle kome på besøk. – Eg elskar denne stolen, det er far min som har designa han, fortel ho, oppglødd. Den har namnet Contura, mens faren heiter Svein Asbjørnsen, www.furnart.no. Som direktør i eige plateselskap, Sweet Morning Records, eit jazzalbum som står til seks og ny hovudrolle med Riksteatret, er det ikkje rart jenta snurrar på stolen!


ikon

Ambulanse i elva med slitne piggdekk

Skrive av Renate Sæle,Tor Yttri, Sogn Avis, 2007

« ▪▪ Tre personar til legesjekk etter utforkøyring i Marheimselvi

Indre Hafslo: Sjekk desse piggdekka! Om lag halvparten av piggane er vekke frå dekka til ambulansen som skal utføra livsviktige oppdrag for Helse Førde på smale og glatte vintervegar i Sogn.


Litt før klokka 14 i går ettermiddag hamna ambulansen utfor riksveg 55 ved Lambhaug og i Marheimselvi. Lukkelegvis vart ingen av dei tre personane i ambulansen alvorleg skadde. Alle tre vart køyrde til legesjekk etter den dramatiske utforkøyringa. (...)»


ikon

Avgjerande augneblinkar

Skrive av Ottar Fyllingsnes, Dag og Tid, 2007

«Fleire av novellene mine handlar om ein avgjerande augneblink, men dei ropar det ikkje ut, seier Sigrid Merethe Hanssen (41).

Ho kjem frå Finnsnes i Troms og er lektor ved den vidaregåande skulen i heimbyen. Faren er den kjende forfattaren Arvid Hanssen, ein av dei store mellom dei nordnorske forfattarane.

â?? Eg hadde ikkje tenkt at eg skulle følgja i fotspora hans, seier Sigrid Merethe, men nyleg gav ho ut den vesle novellesamlinga Sprang på Samlaget.(...)»


ikon

Bella Donna

Skrive av Cecilie Molvær Jørgensen, ELLE interiør, 2008

«På scena er Beady Belle-vokalist Beate Lech ujålete og lidenskapeleg. Heime er interiøret hennar akkurat like ekte.

Rotehovud eller ordensmenneske?

Eg er nok eit ordensmenneske. Fordi det er ganske kaotisk inne i meg, likar eg å ha orden på utsida. Men det er ei utfordring, spesielt med ei lita dotter på 1 ¾ år, som synast det kjekkaste i verda er å trykke brunosten ned i golvet (...)»

Tema: musikk


ikon

Bollar, brød og lukketreff

Skrive av Janne Vibeke Rosenberg, Fjord1-magasinet

«For kokken Morten Schakenda var draumen aldri eige bakeri eller hus på landet. Men likevel blei det slik. I dag driv han det anerkjende Bakeriet i Lom, og folk køyrer milevis for å kjøpe varmt brød og kveitebollar laga på gamlemåten.»


ikon

Bygger framtidas trålar

Skrive av Johan Behrentz, Sunnmørsposten, 2007

Solstrand AS skal bygge den nye supertrålaren til Olympic. For 270 millionar kroner får reiaren frå Herøy ei kloning av ulike spesialskip.

VERFT.
– Vi tek med oss røynslene frå fiskeri, forsking og offshore. Det blir sett ein ny standard for den havgåande trålarflåten, seier Stig Remøy til Sunnmørsposten. (...)


ikon

Det finst ingen «snille» automatar

Skrive av Ottar Fyllingsnes, Dag og Tid, 2007

«Eg vert eitrande sinna når eg høyrer Norsk Tipping snakka om dei nye, «snille» speleautomatane som skal innførast frå nyttår! Det seier Lill-Tove Bergmo i foreininga Pårørende til spilleavhengige.

Det seier Lill-Tove Bergmo i foreininga Pårørende til spilleavhengige.

Her til lands vert det rekna med over 70.000 speleavhengige og 130.000 spelarar som er i faresona. Onsdag slo EFTA-domstolen fast at Norsk Tippings spelemonopol ikkje er i strid med EØS-avtalen. (...)»


ikon

Det viktigaste reisemålet til landslagssjefen

Skrive av Thor Fuglset, Fjord1-magasinet, 2006

«Mens storparten av det fotballinteresserte Noreg har gått i vinterdvale, jobbar landslagssjef Åge Hareide og apparatet rundt han knallhardt med å førebu kampane som skal føre Noreg til EM i Sveits og Austerrike sommaren 2008.

Molde er basen, men Hareide er stadig på reisefot. Han er ofte å sjå i høgborga til norsk fotball, kontora til Noregs Fotballforbund på Ullevaal Stadion. I tillegg krev oppfølging av utanlandsproffane og deltaking på fagkonferansar regelmessig reising. Verda er globalisert, og ikkje noko er så globalisert som kampen om lêrkula. (...)»

Emne: Fotball


ikon

- Eg er ingen ironikar

Skrive av Svein Gjerdåker, Dag og Tid, 2007

«â?? All ironi er mislukka, seier Einar Økland, som sist veke fekk Gyldendalprisen.

â?? Eg vart smigra då dei i grunngjevinga for prisen nemner heile forfattarskapen under eitt. For meg er forfattarskapen noko som heng i hop. Eg likar å uttrykkja meg variert, men det er eit poeng at det er same avsendaren, seier Einar Økland, som sist veke fekk Gyldendalprisen og 300.000 kroner. (...)»


ikon

Eksperimenterer med borkebrød

Skrive av Knut Arne Aarset, Sunnmørsposten, 2007

«For dei fleste høyrer brød baka på borkemjøl til krigshistoria. For Elias Moe på Volda Elektriske Mylne er det snakk om grensesprengjande testbakst med seljebork.

VOLDA.
Ja, du las rett: Over seksti år etter krigen – med matrasjonering og bakst av borkebrød for å dryge brødmjølet – vert det på nytt male bork til brød. Etter idé og inspirasjon frå ein gardbrukar i Ørsta har mylneeigar Elias Moe sett ressursar inn på å lukkast med den krevjande prosessen å male bork på steinkvernar. (...)»


ikon

ELLE i møte med Peter Opsvik

Skrive av Cecilie Molvær Jørgensen, ELLE interiør, 2008

Med sine snart 70 år og over fire tiår bak seg som formgjevar, har nasjonaldesignaren vår sete seg gjennom livet. Danskane har Arne Jacobsen, finnane Alvar Aalto. Vi har Peter Opsvik.


ikon

Fann den rette i Fosse

Skrive av Hild Nordal, Sunnmørsposten, 2007

« «KK»-journalist Ingvild Kjøde (34) frå Ørsta fekk lov av sjefen å skrive nynorsk dersom ho fann eit passande intervjuobjekt.

OSLO.
Ingvild Kjøde fann den rette i Europas mest spelte dramatikar, forfattar Jon Fosse frå Hardanger. I «KK» denne veka kan du lese portrettintervjuet ho har laga med han. Dette er første gongen «KK», som er det største damebladet i Noreg, skriv nynorsk på redaksjonell plass. (...)»


ikon

Fann meininga i musikken

Skrive av Geir Arne Solheim, Fjord1-magasinet, 2005

«Den unge, musikalske jenta frå Molde ville teste dei melankolske tonane sine på eit anna publikum enn soveromsveggen. Det vart ein suksess. No er ho ein av dei nye stjernene på den norske artisthimmelen med topplasseringar på VG-lista. Møt den eigenrådige, særeigne og sjarmerande romsdalingen Ane Brun.

Det er nok berre eit tidsspørsmål før namnet Ane Brun er festa til alle hjernebarkar. Dersom du har høyrt på radio dei siste månadene, kjenner du sikkert låta "My Lover Will Go" frå suksessplata "A Temporary Dive". Ane er på full fart fram i lyset som kjendis, og ein kan ikkje seie anna enn at ho har seg sjølv å takke for det. I sommar kjem ho mellom anna "heim" for å spele på Moldejazz.(...)»

Tema: musikk


ikon

Feirar nynorsken i bossa nova-takt

Skrive av Jørund Hessevik, Nynorsk Pressekontor, 2007

«(NPK–Jørund Hessevik): Kvifor går det så bra for nynorsken? Det er spørsmålet som populærorkesteret Finn Erix skal svare på i revyframsyninga «Vestlandsrevyen».

Frå 2. november skal eit forsterka Finn Erix på ny gjere djupdykk ned i den nynorske røyndommen. Vokalist og frontfigur i det velurdresskledde bossa nova-spelande populærorkesteret, Finn Tokvam, lovar fagleg tyngd og topp underhaldning på nynorsk hovudmål når det brakar laust med «Vestlandsrevyen» på Logen i Bergen. (...)»


ikon

Flest norske vogntog i grøfta

Skrive av Jan Egil Fimreite, Sogn Avis, 2007

« ▪▪ Og fleire i møteulykker ▪▪ Betre skodd

Sogndal: Norske tungtransportsjåførar hamnar oftare i grøfta enn dei utanlandske kollegaene. Dei er også borti fleire møteulykker. Men utanlandske sjåførar står oftare fast.


Dette syner eit oversyn over bergingsoppdrag på E16 i Filefjell/Tyin-området og på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet. (...)»


ikon

Folkeliv og verdskrig på nynorsk i Prøysenland

Skrive av Ottar Fyllingsnes, Dag og Tid, 2007

«I Moelv miste over tjue sivile livet i krigshandlingane i april 1940. Likevel var det mange som melde seg inn i Nasjonal Samling etterpå, fortel forfattaren Torbjørn Hovde.

Den første romanen til Hovde slutta i 1921. Der byrjar den andre – utan at det er noka framhaldsforteljing, og han trekkjer linene fram mot 1947.

– Det er ei hard tid – både med forbodstid, dei harde trettiåra, den andre verdskrigen og fredstida. Eg har drive mykje etterrøking for å få innhaldet historisk korrekt, men det er no ein roman, og naturlegvis er det ein del løgn også.(...)»


ikon

Forskar: – Snus er betre for folkehelsa enn røyk

Skrive av Kirsten Offerdal, Nynorsk Pressekontor, 2013

Nordmenn snusar ikkje i tillegg til å røykje, men snusar i staden for å røykje. Snusen blir òg brukt av røykjarar som ønskjer å slutte eller trappe ned på sigarettforbruket.


ikon

Framleis nedgang i sjukefråværet

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Nynorsk Pressekontor, 2007

«(NPK): Det totale sjukefråværet gjekk ned frå 6,6 til 6,5 prosent frå andre kvartal i fjor til andre kvartal i år.

– Utviklinga er den same no som ved førre måling, og truleg kan vi sjå ei ytterlegare betring framover som følgje av at det no blir stilt auka krav til aktivitet tidleg i sjukmeldingstida, seier arbeids- og velferdsdirektør Tor Saglie. (...) »


ikon

Godøy vil bryte Stranda si sigersrekke

Skrive av Sindre Halkjelsvik, Sunnmørsposten, 2007

«I kveld møtest Stranda og Godøy til toppkamp i 4. divisjon. Mykje skal gå gale om ikkje vinnaren spelar 3. divisjon neste år.

FOTBALL.
Godøy leier med 36 poeng. Stranda er tett bak med 35, og desse to har ei lita luke til formlaga Rollon på 31 og Bergsøy på 29. Men dei to topplaga går heller ikkje på mange feilskjer denne sesongen.

– Vi har faktisk ikkje tapt sidan det blei 0–3 mot Godøy på grusbana der ute i vår, seier Stranda-trenar Ronny Ødegård til Sunnmørsposten. (...)»


ikon

- Ha ein kjekke dag!

Skrive av Geir Arne Solheim, Fjord1-magasinet, 2005

«Eli Kari Gjengedal (34) har gjeve deg både sorger og gleder som vêrdame i TV2. Men same kor tunge skyer som ligg over landet, stråler alltid Eli Kari som ei sol. Møt ei allsidig og engasjert jente som helst reiser kollektivt!

Vi sit på «K-senteret» på Hermansverk i Leikanger kommune ved Sognefjorden. Eli Kari helsar på annankvar person som går forbi. Ho er på heimebane. Her er ingen autograf-jegerar eller reklamebyrå ute etter henne. På Leikanger er ho klassekameraten, søstera, dottera og festkompisen. - Det er kjekt å kome heim av og til, seier Eli Kari, med sitt vanlege smil – sjølve varemerket til TV-kjendisen. (...)»


ikon

Ingen er perfekte

Skrive av Bothild Nordsletten, Dag og Tid, 2007

«Kva meiner du med fysiske åtak, svarar ambassadøren frå Aserbajdsjan på spørsmål om dei stadige åtaka på journalistar i landet.

Noreg er den nest største utanlandske investoren i Aserbajdsjan, eit land med autoritært regime, rikt på olje – og korrupsjon.

– Er olje til forbanning eller velsigning for Aserbajdsjan, ambassadør Rafael Ibrahimov?

– Eg vil kalla det ei velsigning. I 2006 auka BNP med 36 prosent. Men det kan verta ei forbanning om me ikkje admininistrerer oljereservane på ein skikkeleg måte. (...)»


ikon

Jakta på den norske kulturen

Skrive av Astrid Dypvik, Nationen, 2013

Alle parti er opptatt av norsk kultur. Men norsk kultur er ikkje det same om du spør ein Venstremann, ein Senterpartist eller ein Framstegspartipolitikar.


ikon

Kjærteikna

Skrive av Cecilie Molvær Jørgensen, ELLE interiør, 2009

Kjærleik er hovudingrediensen i alt dama bak motemerket Filippa K gjev seg ut på. I jobb og privat. Og i Paris-leilegheita ho delar med kjærasten Thomas.


ikon

Kjem frå USA til Selje

Skrive av Anne-Mari Tomasgard, Sunnmørsposten, 2007

«Birgit Djupedal-Fioravante utvandra frå Selje som treåring og er no operasongar i USA. Under Sunnivadagane skal ho for første gong ha konsert i Selje.

SELJE.
â?? Eg har alltid hatt lyst til å synge konsertar her, og no er det for første gong blitt tid til det, seier Birgit Djupedal-Fioravante.

Det er i Selje ho har røtene sine. Både mora og faren er herifrå. Men då ho sjølv var tre år gammal, fekk faren jobb som ingeniør i Ohio. Sidan har ho budd der, med unntak av eitt år på folkehøgskule på Voss. (...)»


ikon

Kleppa vil løyse bustadkrisa

Skrive av Jon Even Andersen, Nynorsk Pressekontor, 2007

«(NPK–NTB–Jon Even Andersen): Magnhild Meltveit Kleppa får aldri sole seg i glansen frå 20 friske milliardar kroner til kommunane, slik forgjengaren kunne. Men den nye kommunalministeren vil gi fleire tak over hovudet.

– Eg skal føre vidare det arbeidet Åslaug Haga har lagt ned. Den jobben er formidabel, og difor ligg det eit veldig godt grunnlag til å føre vidare mykje god lokal velferd. Så har vi framleis uløyste problem, særleg innan bustadpolitikken. Den jobben ser eg fram til å ta fatt på, sa Kleppa då ho fekk nøklane til Kommunaldepartementet fredag ettermiddag. (...) »


ikon

Kleven samordnar verfta

Skrive av Torill Myren, Sunnmørsposten, 2007

«Kleven Maritime samordnar Myklebust Verft og Kleven Verft. Sande-politikarane fryktar konsekvensane.

NÆRING.
Kleven Verft i Ulstein har hatt hand om Myklebust Verft i Sande sidan årsskiftet 2000/2001. Spesielt dei siste åra har verfta hatt ulik utvikling. Kleven si omsetning har gått frå vel 200 millionar i året til over 1600 millionar kroner, og leverte meir enn 45 millionar kroner i resultat før skatt. (...)»


ikon

Kosa seg under tak

Skrive av Vagn Scheide Mork, Sunnmørsposten, 2007

«Regnvêret la ein liten dempar på Solsikkedagane denne helga. Men oppslutninga på tilstellingane innandørs i messetelta og på senteret på Fiskå var stor.

VANYLVEN.
Heldigvis var mange av programinnslaga under tak, og messeteltet på parkeringsplassen på Fiskå var stappfullt av folk ved fleire høve laurdag. Frisør Silje Rusten arrangerte hårshow, og fekk god respons frå lokalbefolkninga. Faktisk var det ikkje plass til alle som ville sjå inne i teltet. Derfor måtte ein fjerne delar av veggane, slik at også dei som stod utanfor, fekk med seg dei nye sveisane til modellane. (...)»


ikon

Lever godt som frifant i kajakk

Skrive av Inger Robøle Kristiansen, Nynorsk Pressekontor, 2007

«(NPK–Inger Robøle Kristiansen): Går det an å leva eit brukbart liv åleine med ein liten kajakk som base i store delar av året? 56-åringen Nils Haugen gjer det, og synest at livet er godt.

«Ikke rør meg – jeg har punktert», var den kuriøse meldinga på ein liten kajakk i Son båthamn ein fin sommardag. Eigaren viste seg å vera Nils Haugen, ein godt som heiltids padlar, og det næraste ein kan koma til å vera ein fri mann. (...)»


ikon

Lovar norske eple i sesongen

Skrive av Kjetil Tandstad, Sunnmørsposten, 2007

«Kortreist eller økologisk? Førebels er det vanskeleg å få både i pose og sekk når ein skal velje skulefrukt.

LINGE.
Kor økologisk er frukta når ho er frakta halve jorda rundt, spør Signe Brenna, som er Grøntrepresentant i Møre og Romsdal Bondelag. Fruktdyrkaren frå Linge vil ikkje gå til åtak på økologisk produksjon. Men ho meiner at det er viktigare for miljøet at frukta blir frakta over korte avstandar enn at frukta er økologisk dyrka. (...)»


ikon

Med på veksten i Vanylven

Skrive av Torill Myren, Sunnmørsposten, 2007

«Rolandsen bilverksted er ei av 14 bedrifter som får flying start på nyetableringa si med gåve frå Vanylven i hundretusenkronersklassen.

NÆRING.
Eigentleg hadde Gisle Rolandsen tenkt å sigle stille inn i pensjonisttilveret, og la bilverkstad vere bilverkstad. Så kom Vanylven kommune med tilbod om gratis tomt i næringshage, og planane måtte revurderast. Rolandsen har no drive bilverkstad i 39 år, og i staden for å skifte sine siste bremseklossar overlet Rolanden no bedrifta til sonen Inge, som er bilmekanikar. Etter eit omreisande liv med langtransportkøyring og anna verksemd som har ført han til 30 land, har han no bestemt seg for Vanylven. (...)»


ikon

Miljøpris til Fedje-folket

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Hordaland fylkeskommune, 2007

«Hordaland fylkeskommune sin miljøpris for 2006 er tildelt Fedje-folket, representert ved kommunen og «Folkeaksjonen for heving av kvikksølvet frå U-864». Prisen vert tildelt for eit særdeles stort engasjement for å hindra ein framtidig miljøkatastrofe som følgje av den store kvikksølvlasta i vraket av U-864.

Prisen, som er på kr 35 000, vart utdelt under Hordaland fylkesting sitt møte i Bergen tysdag 16. oktober. Prisen vart motteken av Fedje-ordførar Erling Waldershaug og representantar for aksjonsgruppa. Leiar i kultur- og ressursutvalet, Georg Indrevik, stod for utdelinga. (...)»


ikon

Modig gjort av Noreg

Skrive av Roald Helgheim, Dag og Tid, 2007

«No ser heile verda at den som ikkje vil forhandle i Midtausten, er staten Israel, seier historikar og Midtausten- forskar Hilde Henriksen Waage.

Ho meiner den norske regjeringa verkeleg fortener ros for å bryte blokaden av Palestina. Etter planen landa den alltid fritalande Midtausten-kommentatoren i Oslo i går, etter å ha gjort forskingsarbeid i det israelske statsarkivet i Jerusalem. (...)»


ikon

Nynorskpris til samferdsleministeren

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Nynorsk Pressekontor, 2007

«(NPK): Samferdsleminister Liv Signe Navarsete er tildelt Storegutprisen for god og levande bruk av nynorsk. Det er Litteraturdagane i Vinje i Telemark som står bak prisen.

I grunngjevinga heiter det at Navarsete er ein framifrå representant for nynorsk målbruk, og at ho brukar dialekten sin og nynorsk på ein naturleg måte i alle samanhengar. (...)»


ikon

Oppdaga ny insektart på Flickr

Skrive av Unni Eikeseth, NRK, 2012

Eit amatørbilete av eit uvanleg insekt viste seg å vere ny art. – Godt eksempel på samarbeid mellom forskarar og amatørar, seier norsk biolog.

[...]


ikon

På bommen tenkte Fannemel på sambygdinane heime - og gav det vesle ekstra

Skrive av Tone Merete Lillesvangstu, NRK Sogn og Fjordane, 2014

Medan Fannemel hoppa stor bakke laurdag, sat sambygdingane klistra til storskjerm for å følgje med. Lite visste dei om at det gav han litt ekstra energi då han sette utfor for andre gong.


ikon

Per Sivle – eit halvt liv

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Nynorsk Pressekontor, 2007

«(NPK): – Per Sivle var ein synleg og viktig aktør i dei store politiske debattane i samtida. Men han meistra ikkje sjølve livet, seier Alfred Fidjestøl. Han har skrive biografien «Eit halvt liv» – 150 år etter at Sivle vart fødd.

Biografien startar med at Wenche Sivle står midt i Kristiania og ventar på mannen sin. Men han kjem ikkje. Sivle har nettopp skote seg med revolver i Kristiania bad i Torggata. Den dramatiske hendinga fører til toppoppslag i avisene, men venene hans er ikkje i sjokk. Sjølvmordet var venta. (...)»


ikon

Post adressert Langevåg

Skrive av Geir Arne Solheim, Fjord1-magasinet, 2006

«Sunnmøringen, låtskrivaren og vokalisten Robert Post har opplevd ein eventyrleg internasjonal suksess som popartist det siste året. Konsertar i 50 byar rundt omkring i verda, godt platesal, speletid på MTV, spellemannspris og ein veksande skare av fans gjer Robert til ein av dei mest etablerte artistane i Noreg. Sjølv held han fast på at han er ein enkel gut frå Sula som har vorte inspirert av kjende, musikalske sambygdingar.

- Det er klart at det å vakse opp med så mange profesjonelle musikarar frå same bygda og kommunen er til inspirasjon. Og det er veldig motiverande å sjå at ein kan komme frå ein liten stad som Langevåg og likevel gjer det stort internasjonalt, seier Robert. Nils Petter Molvær, Brazz Brothers, Annbjørg Lien og Ytre Suløen er nokre av dei dyktige musikarane som kjem frå heimkommunen hans Sula. Det er faktisk hevda at Sula er den kommunen i Noreg med flest profesjonelle musikarar i forhold til folketalet. (...)»

Emne: Musikk


ikon

Regjeringa med nynorskpakke på 6 millionar

Skrive av Margunn Sundfjord, Nynorsk Pressekontor, 2007

«(NPK–Margunn Sundfjord): Det var reine julekvelden for nynorskfolket torsdag. For første gong i historia løyvde regjeringa då ein eigen nynorskpakke på 6 millionar kroner til nynorskbrukarane.

– Dette er eit lite rom, men vi har ein god bodskap og ei gladmelding til alle nynorskbrukarane i dette landet, sa parlamentarisk leiar i Senterpartiet Magnhild Meltveit Kleppa då ho gjorde nynorskpakken kjend under ein pressekonferanse på Det Norske Teatret i Oslo torsdag. (...)»


ikon

Reisande i mor og far

Skrive av Ottar Fyllingsnes, Dag og Tid, 2006

«Edvard Hoem har det siste året reist landet rundt. Til saman har han halde 132 føredrag om mora og faren.

Det er 32 år sidan Hoem debuterte med Kjærleikens ferjereiser, og boka har sidan den tid selt i store opplag. Hoem meiner at ho har selt meir enn Mors og fars historie, viss ein tek med skuleutgåve, billegutgåve og bokklubbutgåve.

– Eg hadde ikkje trudd at historia om ein trekant som sykla rundt oppi Gudbrandsdalen skulle vera så hipt at ho nådde fram til det store publikummet. (...)»


ikon

Returnerer til røtene

Skrive av Ina-Cristine Helljesen, Fjord1-magasinet

Få nordmenn har gjort ein liknande kometkarriere i ein Premier League-klubb. Han blei ikkje kalla «the Babyfaced Assasin» for ingenting. No satsar den mest omtalte fotballspelaren i Noreg gjennom tidene alle korta på trenarjobb på heimebane.


ikon

Satsar friskt på fiskeri

Skrive av Svein Aam, Sunnmørsposten, 2007

«Herøy-reiaren Stig Remøy går tilbake til røtene i fiskeria, og kjøper både ny og brukt trålar. – Eg likar å gå mot straumen, seier Remøy.

FISKERI.
Stig Remøy har dei ti siste åra bygd opp Olympicgruppen. Offshorereiarlaget er i sterk vekst, og fekk i fjor eit overskot på 320 millionar kroner. Men det er fiskeskipper han er, med 15 års erfaring i trålfiskeri. Olympic-reiarlaget driv framleis reketrålaren «Olympic Prawn», og eig forskingsskipet «Jan Mayen». (...)»


ikon

Senka Levanger på nytt

Skrive av Sindre Halkjelsvik, Sunnmørsposten, 2007

«Elleve minutt før slutt fekk Fredrik Klock ballen på seksâ??sju meter og dunka inn 2â??1. Same resultat, same matchvinnar og jamvel same type scoring som i vårkampen mot Levanger.

FOTBALL.
Fredrik Klock har eit vondt kne, og blei testa på Høddvoll nokre timar før kampstart. Han heldt seg på beina såpass at han meldte seg kampklar, og angrar neppe. (...)»


ikon

Størst på kunstgras

Skrive av Hild Nordal, Sunnmørsposten, 2007

«Med to nye kunstgrasbaner på plass kan VTI Fotball skilte med mest kunstgras av alle klubbane på Sunnmøre.

VOLDA. Dei siste vekene har det blitt rulla ut kunstgras på til saman 136 x 120 meter på Volda stadion. Dette utgjer ei ellevarbane og ei sjuarbane. (...)»


ikon

Surfejenta

Skrive av Cecilie Molvær Jørgensen, ELLE interiør, 2008

«Rockevokalist Mariann Thomassen er ei rose av dei sjeldne. Med tett program og nytt plateslepp rir ho bølgjene hardare enn dei fleste.

Rotehovud eller ordensmenneske?

Eg har fullstendig orden på kleda mine, men resten er kaos. Når eg reiser så mykje som eg gjer, og må ha ulike kle til ulike happeningar, er det viktig å ha stålkontroll. Eg har eit veldig kjærleiksforhold til kleda mine, eg kjøper aldri plagg eg treng, berre dei eg forelskar meg i.»

tema: musikk


ikon

Tenkaren

Skrive av Cecilie Molvær Jørgensen, ELLE interiør, 2009

– Kva gjer vi når gjennomsnittsalderen i den vestlege del av verda om 15 år er 55? Eg berre spør: Kva gjer vi? Arik Levy heiser skuldrene opp under øyra og vender handflatene oppover i ein spørjande gest. Auga borar intenst i meg, og eg er redd han forventar at eg skal kome opp med eit vitugt svar. Heldigvis tar han berre ei kort pustepause før han fortset.


ikon

Ti minutt med Li Edelkoort og Hella Jongerius

Skrive av Cecilie Molvær Jørgensen, ELLE interiør, 2008

– Ja, det kan godt vere at finanskrisa kjem til å framskunde prosessen, svarar Edelkoort, om teorien hennar om at «bøndene er den nye adelen» (sjå www.elleinterior.no for eit tidlegare intervju kring emnet). Ifølgje henne lever vi i ei verd der det blir meir og meir fokus på dei nære og kjære tinga, noko som kom til syne under utstillinga A World of Folk i Sandnes, og gjennom seminaret der denne dagen i september; Folk Futures. Folklore er eit viktig omgrep i begge.


ikon

Tvilaren

Skrive av Ingvild Kjøde, KK, 2007

«Dei kallar han eit nordisk geni. Men Jon Fosse (47) trur ikkje han er spesielt intelligent. På fritida driv han helst med pengespel og fleip.

Dødslengsel og tvil.
Jon Fosse er ein hylla mann. Ein verdsmann. No sit han i skuggen i Bergen, gøymd bak mørke solbriller, og hevdar at han ikkje er særleg skarp. Er det det mykje omtalte tungsinnet hans som har festa grepet? Koketterer han? Eller er han usikker? (...)»


ikon

Våt opning på sanden

Skrive av Hild Nordal, Sunnmørsposten, 2007

«Om lag ti år etter dei første planane om sandvolleyballbane kunne KFUM Volda gjennomføre offisiell opning laurdag.

VOLDA. Det regna trollkjerringar, og publikum stod tett i tett under paraplyar, då Volda-ordførar Ragnhild Aarflot Kalland tok den første serven på den nye volleyballsanden på Årneset laurdag føremiddag.(...)»


ikon

Vil finne løysing for Olden–Innvik

Skrive av Anne-Mari Tomasgard, Sunnmørsposten, 2007

«Samferdsleminister Liv Signe Navarsete er innstilt på å finne ei løysing for å framskunde opprusting av riksveg 60 Olden–Innvik.

STRYN.
Ministeren hadde ikkje med seg pengar då ho var i Stryn i helga, men gav klare signal om at vegstrekninga mellom Olden og Innvik ikkje kan vente særleg lenger. (...)»


ikon

Vil gjera nynorsken enklare

Skrive av Margunn Sundfjord, Nynorsk Pressekontor, 2007

«(NPK–Margunn Sundfjord): Skriv du nynorsk, kan du i dag velja og vraka blant ulike skrivemåtar. Den store valfridomen er omdiskutert. No vil Språkrådet stramma inn og gjera nynorsken enklare.

– Vi har ikkje diskutert konkret kva vi skal sjå på, men målet er å laga ei tydeleg, enkel og stram norm utan sideformer, seier nestleiar i Språkrådet, Magni Øvrebotten. (...)»


ikon

Vil lage veg i vellinga

Skrive av Geir Arne Solheim, Fjord1-magasinet, 2005

«Det var ein solrik haustdag på Filefjell. Brått ringde telefonen. I den andre enden lydde ei velkjend røyst. Han må ha sagt noko slikt som "Vil du verte statsråd i regjeringa mi?".

Liv Signe Navarsete kjem aldri til å gløyme dagen då ho fekk telefon frå Jens Stoltenberg. No føyer ho seg inn i rekkja av samferdsleministrar frå Sogn og Fjordane, og det med ein visjon om å verte hugsa som ein minister som gjorde ein skilnad! (...)»


ikon

Vil opne for nynorsk i ELLE

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Nynorsk Pressekontor, 2007

«(NPK): Ho skreiv nynorsk heilt til ho fekk jobb i Dagbladet og vart nøydd til å tilpasse seg språknorma der. Som sjefredaktør i ELLE kan Signy Fardal sjølv setje premissar. – Vi kan godt prøve ut nynorsk, seier ho.

– Det er ikkje slik at vi har ein politikk som seier at vi ikkje skal skrive på nynorsk i ELLE. Vi har berre aldri gjort det, men vi skal teste det ut. (...)»


ikon

Vil refse og rose folkemusikkmiljøet

Skrive av Inger Robøle Kristiansen, Nynorsk Pressekontor, 2007

«(NPK–Inger Robøle Kristiansen): Han skjelv ikkje framfor oppgåva, den nye leiaren av Spelemannsbladet, Knut Aastad Bråten. Entusiastisk og djerv, blid og utovervendt tek han fatt, og har klare meiningar om korleis han meiner bladet bør vera, og kva folkemusikkmiljøet må bli betre på.

– Spelemannsbladet er det einaste bladet for norsk folkemusikk, og vi må vera bevisste på det. Vi skal spegle miljøet, men må også utfordre det ved å vera kritiske. Elles gjer vi folkemusikken ei bjørneteneste. Vi må også våge å vera politiske. Men dette går eg til med stor vellyst, seier etnologen, dansaren og langeleikspelaren frå Ranheimsbygda i Nord-Aurdal. (...)»


ikon

Viser at jorda går rundt

Skrive av Olav-Johan Øye, Høgskolen i Oslo, 2010

«Jorda går rundt, men korleis kan vi sjå det her frå jordoverflata? Jean Foucault fann opp ein pendel som kan vise rotasjonen til jorda. HiO-studentar byggjer no ein slik pendel.

Sidan Jean Foucault sette opp pendelen i Paris i 1851, er det sett opp slike pendlar på museum og universitet. I Noreg finst det pendlar på Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og NTNU i Trondheim. [...]»

De finn òg teksten på nettstaden til Høgskolen i Oslo


ikon

– Målstrid så lenge vi må

Skrive av Knut Arne Aarset, Sunnmørsposten, 2007

«– Målstriden skal vi kjempe heilt til vi får gjennomslag, lovar Susanne Egset frå Ørsta. Ho fekk inn ei rekkje underskrifter under lærebokstreiken i Volda torsdag.

VOLDA.
Fleire hundre elevar møtte opp då Marita Hovland frå Norsk Målungdom heldt streikeappell for nynorske lærebøker i Voldahallen torsdag føremiddag. Samla sett var fleire tusen elevar ved vidaregåande skular også i Ørsta, Kristiansand, Bergen, Oslo, på Voss og på Sandane med på punktstreiken. (...)»


Intervju

ikon Intervju er kort fortalt ein samtale mellom to personar der personane har ulike roller. Intervjuaren stiller spørsmål, og intervjuobjektet svarer. Det finst fleire typar intervju.

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.