Tekstbasen 2 - Nynorsksenteret –

TEKSTBASEN

Nynorske sakprosatekstar i ulike sjangrar

ikon

Forfattarpraten

Skrive av Nana Rise-Lynum, Norsk Barneblad, 2004

«Erna Osland bur i Matredal, som ligg nord for Bergen. Ho har skrive ei mengd bøker for barn og unge. Så mange prisar har ho vunne at vi knapt har plass til å ramse dei opp. I år var ho festspeldiktar i Bergen.

Kvifor blei du forfattar?
Den som vil skrive, må lese. Og eg vil så gjerne begge delar, både lese og skrive.

Kvifor skriv du for barn og unge?
Når eg skriv for unge, kan eg få sjå verda med barneauge. Og når eg gjer det, synest eg at eg ser klårare, sjølv når eg nistirer inn i den vaksne verda. (...)»


ikon

På bommen tenkte Fannemel på sambygdinane heime - og gav det vesle ekstra

Skrive av Tone Merete Lillesvangstu, NRK Sogn og Fjordane, 2014

Medan Fannemel hoppa stor bakke laurdag, sat sambygdingane klistra til storskjerm for å følgje med. Lite visste dei om at det gav han litt ekstra energi då han sette utfor for andre gong.


Intervju

ikon Intervju er kort fortalt ein samtale mellom to personar der personane har ulike roller. Intervjuaren stiller spørsmål, og intervjuobjektet svarer. Det finst fleire typar intervju.

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.