Tekstbasen 2 - Nynorsksenteret –

TEKSTBASEN

Nynorske sakprosatekstar i ulike sjangrar

ikon

Alle fitter er like fine

Skrive av Anna Sofie Ekeland Valvatne, Framtida, 2015

Unge jenter skal ikkje føla behovet for å operera kjønnsleppene sine for at dei at dei skal bli «perfekte». Kroppane våre er perfekte slik dei er frå naturen si side.


ikon

Argument for og i mot sidemål

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Noregs Mållag

"Argument for valfri sidemålsundervisning frå Høgrerepresentantar våren 2011.

Obligatorisk prøve i sidemålet vart innført i 1907. Fyrst i 1997 vedtok Høgre at partiet ville gjera den skriftlege sidemålsundervisninga valfri, og då berre i den vidaregåande skulen. I 2005 inkluderte dei også ungdomsskulen i standpunktet. Så seint som i 2003 var Høgre med på ein komitémerknad i Stortinget der dei mellom anna skreiv: ”Fleirtalet viser til at endringar i lovverket som fører til at sidemålsundervisninga i skolen vert gjort valfri, vil vere ei endring av norsk språkpolitikk. Fleirtalet ber Regjeringa sjå til at dei språkpolitiske målsetjingane om jamstilling mellom dei to målformene våre vert ivaretekne i utdanningssystemet.” "


ikon

By- og bygdelister

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Sunnmørsposten, 2007

«VIKTIGE INNSLAG. Forskarar ved Rokkansenteret i Bergen har funne ut at dei partipolitisk uavhengige by- og bygdelistene verkar mobiliserande på veljarane. I kommunar der det blir stilt by og bygdelister i tillegg til dei politiske partilistene, er valdeltakinga nærare 68 prosent, mens det i kommunar med berre politiske lister er ei valdeltaking på vel 59 prosent. Går ein nokre tiår tilbake, så var partipolitisk uavhengige bygdelister det vanlege, og det var berre nokre få parti som stilte lister. Den gongen var valdeltakinga høgast i kommunar med flest politiske lister, og det vart tolka som om temperaturen i valkampen var høgast der. Nå er situasjonen altså snudd, og i lokalpolitikken kan ein kanskje seie at konfliktnivået mellom lokalpartia i dei fleste kommunar er så lågt at det er dei partipolitisk uavhengige bygdelistene som skaper temperaturen med sine krav. (...)»


ikon

Ekspress Bergen–Ålesund over Stad

Skrive av Dagfred Berstad, Sunnmørsposten, 2007

«HURTIGBÅT. Ein vital samferdselsakse på Vestlandet manglar eit lite stykke på å henge saman. Dette kan lett løysast, endåtil med eksisterande materiell, og med litt god vilje kan ekspressruta Bergen–Ålesund opprettast på svært kort tid. Som alle veit og forstår, kan sjøleia på begge sider av Stad knytast saman med ein kort busstur over Sandvikeidet. Det kan ikkje vere særleg risiko i å setje i verk ei prøvedrift, men ingenting blir gjort, verken av Fjord 1 eller av politikarane. Det skal god fantasi, og ikkje så lite politisk såpekokeri til for å argumentere imot ei slik løysing. (...)»


ikon

Fredsnasjonen Norge ligg på andreplass i krig

Skrive av Astrid Underlid, Framtida, 2016

Fredsnasjonen Norge deler ut fredsprisen. Og fredsnasjonen Norge har deltatt i åtte krigar sidan 1990.


ikon

Kjære Robert Steen.

Skrive av Alfred Bjørlo, Privat utgjevar, 2017

Kjære Robert Steen: Velkomen til Eid. Velkomen til Nordfjord. Velkomen til Sogn og Fjordane. Velkomen til den verkelege verda.


ikon

Kva er verdiskaping?

Skrive av Arne Ola Grimstad, Sunnmørsposten, 2007

«KARITA. Eg har av og til fundert på kva som skal til for å verte statsråd. Dei siste åra har denne funderinga vorte litt sterkare, for jammen har vi som vanlege fotfolk mang ein gong vore nøydde til å setje spørsmålsteikn ved snart den eine, snart den andre statsråden. Dei er sikkert normale menneske, dei fleste; kjekke, hyggelege i lyd og lag, dei er glade i sine og møter truleg opp på arbeidet sitt og gjer så godt dei kan. Men er det nok for å verte statsråd?

Prinsippet om at leiarane våre skal vere henta frå dei beste blant likemenn, trur eg ikkje gjeld lenger. Det kan nok synast som om lang og trufast strebarrolle i parti og organisasjon tel vel så mykje som anna. (...)»


ikon

Kvardag

Skrive av Erling Lae, Aftenposten, 2008

MØTE MELLOM MENNESKE. Fordommar er noko ein finn overalt, også blant dei som har programfesta at dei ikkje har nokon.

Fordommar. I dag vil eg trø i salaten. Det skvett nok litt til alle kantar. Somme vil tru at det eg no skal skrive om, handlar om homofili, men det gjer det ikkje. Og sjølv om nokre mediefolk ikkje greier å innsjå det, har eg stort sett anna å tenkje på, slik som skulebudsjett, søppel i gata og småkrangel med kommunalministeren. Dessutan fekk eg ikkje tetta holet i gjerdet på hytta i sommar. (...)


ikon

Negerkungar - finns dom?

Skrive av Finn Myrvang, Dag og Tid, 2006

«Her om dagen var det ein fiskarlagsformann som ytra seg nedlatande og sa om lag som så: «La den samedama fare». Utan tvil låg gammal fordom under, men han sa no ikkje «den finntøtta» eller det som verre var, han konstaterte relativt pynteleg det vi alle har lagt merke til: At statsråden har profilert seg som same. Det blir derfor småkomisk når enkelte krev at han ber om unnskyldning - ho er altså korkje dame eller same? (...)»


ikon

Nordøyvegen

Skrive av Jørgen Kjærstad, Sunnmørsposten, 2007

«PRIORITERING. Vi skal snart til valurnene og velje folk til kommunestyre og fylkesting, og avisene er fulle av utspel frå politikarane. Vegspørsmål er sjølvsagt viktige saker, særleg for dei som har tenkt seg på fylkestinget. (...)»


ikon

Sjukepleiarmangel

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Sunnmørsposten, 2007

«HELSEKRISE. Heile 17 prosent av norske kommunar har mangel på sjukepleiarar og mangel på sjukepleiarstillingar. Det viser tal frå den ferske FAFO-rapporten «Gull eller gråstein». 102 av kommunane her i landet har hatt ei fallande sjukepleiardekning frå 2003 til 2006. Når målet er å kunne behandle fleire på sjukehus og ha omsorg for fleire i ulike institusjonar, så er den negative utviklinga i talet på sjukepleiarar eit illevarslande signal. Regjeringa har varsla at ein satsar på å nå målet om 10 000 fleire tilsette i omsorgssektoren. Det er vel og bra, og ikkje særleg mykje meir for ein fireårsperiode enn det som også hittil har vore veksttakten, men frå regjeringa si side er det ikkje sagt noko om at desse 10 000 nye skal ha sjukepleiarkvalifikasjonar. (...)»


ikon

Tilgje dei ikkje, dei veit kva dei gjer

Skrive av Sveinung Rotevatn, Computerworld, 2013

Måndag stemte heile Stortinget for å tillate blokkering av nettsider og privat innsamling av IP-adresser. Ja, med unnatak av vesle, liberale Venstre, då.


ikon

Trynefaktoren

Skrive av Harald Kjølås, Sunnmørsposten, 2007

« «Kampen om ordførarposisjonen er blitt vesentleg hardare nå enn for nokre tiår sidan, og som einaste heiltidspolitikaren er 0rdføraren blitt viktigare for kommunen»

Avkledd partimessige flosklar og valflesk handlar lokalvalkampen eigentleg om tillit og manglande tillit til personar.

OPEN VALKAMP.
Ei hovudutfordring ved det komande lokalvalet blir å få mange nok veljarar til stemmeurnene. Særleg utfordrande blir det å få førstegongsveljarane og dei unge til å stemme. (...)»


Ordskifte

ikon Eit ordskifte-/lesarinnlegg er ei meiningsytring. Ho treng ikkje vere objektivt, det vanlegaste er subjektive innlegg. Tonen kan vere sint eller skarp sidan føremålet er å engasjere, eller til og med provosere, lesaren.

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.