Tekstbasen 2 - Nynorsksenteret –

TEKSTBASEN

Nynorske sakprosatekstar i ulike sjangrar

ikon

By- og bygdelister

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Sunnmørsposten, 2007

«VIKTIGE INNSLAG. Forskarar ved Rokkansenteret i Bergen har funne ut at dei partipolitisk uavhengige by- og bygdelistene verkar mobiliserande på veljarane. I kommunar der det blir stilt by og bygdelister i tillegg til dei politiske partilistene, er valdeltakinga nærare 68 prosent, mens det i kommunar med berre politiske lister er ei valdeltaking på vel 59 prosent. Går ein nokre tiår tilbake, så var partipolitisk uavhengige bygdelister det vanlege, og det var berre nokre få parti som stilte lister. Den gongen var valdeltakinga høgast i kommunar med flest politiske lister, og det vart tolka som om temperaturen i valkampen var høgast der. Nå er situasjonen altså snudd, og i lokalpolitikken kan ein kanskje seie at konfliktnivået mellom lokalpartia i dei fleste kommunar er så lågt at det er dei partipolitisk uavhengige bygdelistene som skaper temperaturen med sine krav. (...)»


ikon

EU og det ekstreme

Skrive av Ottar Fyllingsnes, Dag og Tid, 2007

«Dei siste åra har mange austeuropeiske land vorte EU-medlemmer, fredsaspektet har vore viktig og EU har byrja å gå i front i miljøpolitikken. Men framleis er det mange kritikkverdige sider ved EU, og no har unionen til og med sørgt for ei organisering av dei høgreekstreme i Europa. Dei vert omtalte som sigøynar- hatarar og framandhatarar, som antisemittar og nektarar av Holocaust. Dei utgjer den nye politiske grupperinga i EU.

1. januar i år vart Bulgaria og Romania medlemmer av EU. Dermed fekk ekstremhøgre tjue medlemmer, og det er nok til å danna ei eiga politisk gruppe i Europaparlamentet. Franske Jean-Marie Le Pen er å finna på medlemslista i den nye høgreekstreme gruppa «Identitet, suverenitet, tradisjon». Det same er Allesandro Mussolini, barnebarnet til den italienske diktatoren. Leiaren for gruppa, Bruno Gollnisch frå Nasjonal front i Frankrike, ventar seg at fleire vil slutta seg til nasjonalistane etter kvart. Sjølv ventar han på dom etter å ha nekta for at nazistane nytta gasskammer under den andre verdskrigen og for å ha sådd tvil om Holocaust. (...)»


ikon

Fredsnasjonen Norge ligg på andreplass i krig

Skrive av Astrid Underlid, Framtida, 2016

Fredsnasjonen Norge deler ut fredsprisen. Og fredsnasjonen Norge har deltatt i åtte krigar sidan 1990.


ikon

Grunnlova på nynorsk

Skrive av Bladet Sunnhordland, Sunnhordland, 2014

I DAG kan Gjermund Hagesæter, Helge André Njåstad, Torill Eidsheim, Peter Christian Frølich, Øyvind Halleraker, Sigurd Hille, Erik Skutle, Ove Trellevik, Knut Arild Hareide og Terje Breivik spela ei avgjerande rolle for kor vidt Grunnlova endeleg skal komma på nynorsk og bokmål, eller om ho framleis skal vera skriven på dansk.


ikon

Jåle, spjåk, fjolle, gås

Skrive av Sigrid Sørumgård Botheim, Framtida, 2016

Songen «Synonymordboka» førte til at Gyldendal måtte koma med ny ordbok. Er det trong for ein ny revisjon?


ikon

Knoting: det nye verdsmålet

Skrive av Cathrine Strøm, Dag og Tid, 2013

Cathrine Strøm skriv om livet som knotar, og litt om Språkåret.


ikon

Litterært svartsyn mot miljøkrise

Skrive av Marta Norheim, NRK, 2014

"Klimakrisa har skapt tonnevis med bøker. Lat oss ei kort stund oversjå det ikkje heilt klimanøytrale ved papirbruken, og vende blikket mot skjønnlitteraturen. Der går det meste til helvete, er det det vi treng no?"


ikon

Når OL skal berga verda

Skrive av Svein Gjerdåker, Dag og Tid, 2007

«OL-søknaden til Tromsø 19. mars: «I 1843 ble verdens første premieskirenn arrangert i Tromsø, i gatene og bakkene rundt Rådstua. 175 år senere vil Tromsø videreføre vår stolte skihistorie gjennom å arrangere vinter OL.» Med slike historiske perspektiv skal ein vera svært sur og sær for ikkje å gje Tromsø OL-kandidaturet. Særleg når byen i tillegg kan visa til at Sametinget stør søknaden og at «arktiske urfolks idrettsgrener» endeleg skal kunna nå fram til eit stort publikum. (...)»


ikon

Sjukepleiarmangel

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Sunnmørsposten, 2007

«HELSEKRISE. Heile 17 prosent av norske kommunar har mangel på sjukepleiarar og mangel på sjukepleiarstillingar. Det viser tal frå den ferske FAFO-rapporten «Gull eller gråstein». 102 av kommunane her i landet har hatt ei fallande sjukepleiardekning frå 2003 til 2006. Når målet er å kunne behandle fleire på sjukehus og ha omsorg for fleire i ulike institusjonar, så er den negative utviklinga i talet på sjukepleiarar eit illevarslande signal. Regjeringa har varsla at ein satsar på å nå målet om 10 000 fleire tilsette i omsorgssektoren. Det er vel og bra, og ikkje særleg mykje meir for ein fireårsperiode enn det som også hittil har vore veksttakten, men frå regjeringa si side er det ikkje sagt noko om at desse 10 000 nye skal ha sjukepleiarkvalifikasjonar. (...)»


ikon

Språk i spagaten

Skrive av Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, Bergens Tidende, 2015

Vestlandsungdomar skriv dialekt på Facebook i staden for normert norsk. Det treng ikkje sende nynorsken på sotteseng.


ikon

Sysken som manglar

Skrive av Gunnar Vidnes, NRK, 2014

"Eg har ein storebror, eg kunne hatt to, eg har inga storesøster, eg kunne hatt ei. Og folk diskuterer i fullt alvor om barnesjukdomar er farlege, om vaksinar er nødvendige."


ikon

Trynefaktoren

Skrive av Harald Kjølås, Sunnmørsposten, 2007

« «Kampen om ordførarposisjonen er blitt vesentleg hardare nå enn for nokre tiår sidan, og som einaste heiltidspolitikaren er 0rdføraren blitt viktigare for kommunen»

Avkledd partimessige flosklar og valflesk handlar lokalvalkampen eigentleg om tillit og manglande tillit til personar.

OPEN VALKAMP.
Ei hovudutfordring ved det komande lokalvalet blir å få mange nok veljarar til stemmeurnene. Særleg utfordrande blir det å få førstegongsveljarane og dei unge til å stemme. (...)»


ikon

Venleg helsing kunnskapsministeren

Skrive av Kari Hasle, NRK, 2014

Ein stadig meir kommersialisert skuledag får konsekvensar. Og no blir den også gitt legitimitet av kunnskapsministeren.


Leiar- og kommentarartiklar

ikon Ein leiarartikkel er ein redaksjonell kommentar der ei avis eller ein annan publikasjon gir utrykk for synet sitt i ei eller fleire saker. Han blir skriven av redaktøren i mindre aviser, men i større aviser har ein gjerne fleire leiarskribentar. Som regel er artiklane usignerte og har ein fast plass i avisa, gjerne saman med øvrig kommentarstoff.

Tidlegare var dei fleste norske aviser knytt til politiske parti. Då kunne den same leiarartikkelen bli skrive frå partikontoret og verte trykt i alle avisene i nettverket. Jamvel om det framleis kan vere aviser knytte saman i eit konsern, er det ikkje lenger vanleg at leiarartiklane kjem frå eit hovudkontor.

Ein kommentar eller kommentarartikkel er ein signert tekst som gjev uttrykk for kva syn den som har skrive han, har på ei aktuell sak, ofte basert på utfyllande bakgrunnskunnskap. Kommentarartiklar er ofte skrivne av journalistar i avisa, men kan også vera skrivne av inviterte, utanforståande ekspertar. Kommentarar har ikkje som leiarar ein fast plass i avisa. Kommentarartiklar er mest vanleg å ha i riksdekkjande aviser, regionaviser og i såkalla meiningsberande aviser (Vårt Land, Klassekampen, Nationen med fleire), og mindre vanleg i lokalaviser.

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.