Tekstbasen 2 - Nynorsksenteret –

TEKSTBASEN

Nynorske sakprosatekstar i ulike sjangrar

ikon

Mylapp eller hopparlappe?

Skrive av Nana Rise-Lynum, Norsk Barneblad, 2004

«Mylapp eller hopparlappe? Lappegro eller grolapp? Hoppetusse eller hoppetosse. Kva med hoppetrausk? Alle desse orda er dialektord for frosk eller padde. Ja, har din dialekt eit anna ord for frosk eller padde? Send det inn til oss då vel. Språk er moro. Vi kan leike oss med ord. Berre tenk på spelet Scrabble . det er leik med ord. (...)»


ikon

No er eg tilbake i Norsk Barneblad

Skrive av Nana Rise-Lynum, Norsk Barneblad, 2006

«No er eg tilbake i Norsk Barneblad, og det kjennest godt. Men noko som ikkje er særleg godt, er at verda stadig mistar dyreartar. I denne utgåva kan du lese om det svarte vestafrikanske nashornet som no ikkje lenger finst. Dei to dyra som sist var sedde i Kamerun, er no borte. Truleg skotne av krypskyttarar. Av den eine typen kvite nashorner det berre fire dyr att. Frykteleg trist. (...)»


Leiar- og kommentarartiklar

ikon Ein leiarartikkel er ein redaksjonell kommentar der ei avis eller ein annan publikasjon gir utrykk for synet sitt i ei eller fleire saker. Han blir skriven av redaktøren i mindre aviser, men i større aviser har ein gjerne fleire leiarskribentar. Som regel er artiklane usignerte og har ein fast plass i avisa, gjerne saman med øvrig kommentarstoff.

Tidlegare var dei fleste norske aviser knytt til politiske parti. Då kunne den same leiarartikkelen bli skrive frå partikontoret og verte trykt i alle avisene i nettverket. Jamvel om det framleis kan vere aviser knytte saman i eit konsern, er det ikkje lenger vanleg at leiarartiklane kjem frå eit hovudkontor.

Ein kommentar eller kommentarartikkel er ein signert tekst som gjev uttrykk for kva syn den som har skrive han, har på ei aktuell sak, ofte basert på utfyllande bakgrunnskunnskap. Kommentarartiklar er ofte skrivne av journalistar i avisa, men kan også vera skrivne av inviterte, utanforståande ekspertar. Kommentarar har ikkje som leiarar ein fast plass i avisa. Kommentarartiklar er mest vanleg å ha i riksdekkjande aviser, regionaviser og i såkalla meiningsberande aviser (Vårt Land, Klassekampen, Nationen med fleire), og mindre vanleg i lokalaviser.

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.