Tekstbasen 2 - Nynorsksenteret –

TEKSTBASEN

Nynorske sakprosatekstar i ulike sjangrar

ikon

Dødeboka: Ei fengande reise

Skrive av Judith Sørhus Litlehamar, Framtida, 2014

BOKMELDING: Endeleg er oppfølgjaren til fantasyromanen Landet under isen her.


ikon

Dagbok frå eit flygande sirkus

Skrive av Roald Helgheim, Dag og Tid, 2007

«I 1969 landa mennesket på månen, Monty Python's Flying Cirkus vart fødd, og Michael Palin slutta å røykje. I staden byrja han å skrive dagbok.

Det har han gjort heile tida sidan, og no er dagbøkene frå dei første ti åra samla i Diaries 1969–79, med den misunningsverdige undertittelen «The Python Years». Det er ein tittel ikkje eingong dronninga kan ta frå han, ho som kalla sitt verste år annus horribilis. For Michael Palin var Python-åra ikkje dei verste, men dei beste, sjølv om han etterpå har brukt livet til å reise jorda rundt, på langs, eller på tvers. (...)»


ikon

Den tvetydige hjelparen

Skrive av Marta Norheim, NRK, 2014

Ti år etter romanen «Uglybugly», seks år etter filmatiseringa av «Fatso» er Lars Ramslie tilbake, denne gongen med første roman i eit større verk. Det er lenge sidan sist, men éin ting er som før: Du veit aldri kva du kan vente deg av ei ny Ramsliebok.


ikon

Ei bøn for uskulda

Skrive av Merete Røsvik Granlund, Dag og Tid, 2007

«Med tilsynelatande enkle grep har Marita Fossum skapt ei vakker og viktig barndomsskildring.

■ ROMAN
Marita Fossum: Kjære gjetergutt, Oktober

Marita Fossum debuterte i 2002 med romanen Verden utenfor, og har til saman skrive fire romanar. I 2005 fekk ho Tanums kvinnestipend og Brageprisen for den tredje romanen sin, Forestill deg. Heilt frå starten har ho fått lovord for stilreint språk og for å gje varme og kvardagslege skildringar av vanskelege eksistensielle tema. (...)»


ikon

Feirar nynorsken i bossa nova-takt

Skrive av Jørund Hessevik, Nynorsk Pressekontor, 2007

«(NPK–Jørund Hessevik): Kvifor går det så bra for nynorsken? Det er spørsmålet som populærorkesteret Finn Erix skal svare på i revyframsyninga «Vestlandsrevyen».

Frå 2. november skal eit forsterka Finn Erix på ny gjere djupdykk ned i den nynorske røyndommen. Vokalist og frontfigur i det velurdresskledde bossa nova-spelande populærorkesteret, Finn Tokvam, lovar fagleg tyngd og topp underhaldning på nynorsk hovudmål når det brakar laust med «Vestlandsrevyen» på Logen i Bergen. (...)»


ikon

Folkeliv og verdskrig på nynorsk i Prøysenland

Skrive av Ottar Fyllingsnes, Dag og Tid, 2007

«I Moelv miste over tjue sivile livet i krigshandlingane i april 1940. Likevel var det mange som melde seg inn i Nasjonal Samling etterpå, fortel forfattaren Torbjørn Hovde.

Den første romanen til Hovde slutta i 1921. Der byrjar den andre – utan at det er noka framhaldsforteljing, og han trekkjer linene fram mot 1947.

– Det er ei hard tid – både med forbodstid, dei harde trettiåra, den andre verdskrigen og fredstida. Eg har drive mykje etterrøking for å få innhaldet historisk korrekt, men det er no ein roman, og naturlegvis er det ein del løgn også.(...)»


ikon

Hitler som djevelens verk

Skrive av Roald Helgheim, Dag og Tid, 2007

«Filmen Der Untergang vart kritisert for å vise ein Hitler med menneskelege trekk. I romanen til Norman Mailer er Adolf Hitler djevelens verk.

Djevelen er til og med til stades når faren Alois, fødd Shicklgruber, set barn på Klara Pölz i ei heftig skildra sengescene i romanen The Castle in the Forrest. Mailer (84) viser også klo som mogen sengehestskildrar, sjølv om han eigentleg er ghostwriter for den eigentlege forteljaren, djevelen sjølv. I byrjinga presenterer forteljaren seg som Dieter, ein SS-mann som i si tid stod under Heinrich Himmlers kommando. Men det er den menneskehamen han er i som forteljar i denne boka. Elles har han vore ein supersatan i tid og rom, styrd av The Maestro, den vonde Meisteren sjølv. The Castle in the Forrest er altså dokumentarroman om den historiske personen Adolf Hitler – fødd 20. april 1889 i Brunau am Inn i Austerrike – fram til år 1907, då mor hans døydde (faren døydde i 1903). Etterpå byrja den mislukka skuleeleven og den snart refuserte kunstnaren på eit meir rotlaust liv, først i Wien, så i München. Etter at denne romanen har sett sluttstrek, kjem perioden som Hitler sjølv i Mein Kampf skildrar som dei politisk formande åra. (...)»


ikon

Hyttehelvete

Skrive av Håkon Tveit, Dag og Tid, 2014

Melding av filmen Amnesia


ikon

Modig portrett

Skrive av Guri Kulås, Klassekampen, 2014

Filmmelding. Godt ungdomsportrett med uvant skildring av ei krevjande kvinne.


ikon

Mykje mot og stort talent

Skrive av Odd W. Surén, Dag og Tid, 2007

«Det er ei stor forteljing Torkil Damhaug prøver seg på, og han lukkast både på detaljplanet og i dei store draga, i alle fall så lenge han held seg til hovudforteljinga.

■ ROMAN

Torkil Damhaug: Overlord, Cappelen

Løytnant Peter Enge har teneste ved den franske kanalkysten. Datoen er 6.6.1944. Han ser ein skog av master og ein horisont av skipsskrog på veg mot land. Han forstår at dette er ei avgjerande stund i den andre verdskrigen. Han veit at sida han tener, Nazi-Tyskland, kjem til å tapa. Dette er truleg slutten også for han personleg. Og han veit kva han må gjera, han må finna kjærasten sin, franske Jeanne Dubois, i Bayeux, og fortelja henne om noko som hende med han, eller på grunn av han, då han var 15 år gamal, i 1933. (...)»


ikon

Norske kloster – utpostar for europeisk kultur

Skrive av Kari Hamre, Nynorsk Pressekontor, 2007

« «Klostrene ved verdens ende» er tittelen på den siste boka til idehistorikar og teolog Karl Gervin. Han gir oss eit innblikk i cisterciensarordenen i mellomalderen, og særleg korleis munkar og nonner levde sine alternative liv i pakt med Gud her i landet på den tida. (...)»


ikon

NSA-dystopi

Skrive av Guri Kulås, Klassekampen, 2014

Filmmelding. Det totalitære USA.


ikon

Per Sivle – eit halvt liv

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Nynorsk Pressekontor, 2007

«(NPK): – Per Sivle var ein synleg og viktig aktør i dei store politiske debattane i samtida. Men han meistra ikkje sjølve livet, seier Alfred Fidjestøl. Han har skrive biografien «Eit halvt liv» – 150 år etter at Sivle vart fødd.

Biografien startar med at Wenche Sivle står midt i Kristiania og ventar på mannen sin. Men han kjem ikkje. Sivle har nettopp skote seg med revolver i Kristiania bad i Torggata. Den dramatiske hendinga fører til toppoppslag i avisene, men venene hans er ikkje i sjokk. Sjølvmordet var venta. (...)»


ikon

Ravatn, Agnes: Fugletribunalet (Samlaget 2013)

Skrive av Mai Lene, Once Upon A Time, 2014

Bokmelding


ikon

Reisande i mor og far

Skrive av Ottar Fyllingsnes, Dag og Tid, 2006

«Edvard Hoem har det siste året reist landet rundt. Til saman har han halde 132 føredrag om mora og faren.

Det er 32 år sidan Hoem debuterte med Kjærleikens ferjereiser, og boka har sidan den tid selt i store opplag. Hoem meiner at ho har selt meir enn Mors og fars historie, viss ein tek med skuleutgåve, billegutgåve og bokklubbutgåve.

– Eg hadde ikkje trudd at historia om ein trekant som sykla rundt oppi Gudbrandsdalen skulle vera så hipt at ho nådde fram til det store publikummet. (...)»


ikon

Rondo kurioso

Skrive av Odd W. Surén, Dag og Tid, 2007

«Det keisame vert spennande, farleg og nesten uuthaldeleg. Kvar er Michelle, kvifor kjem ho ikkje att?

■ ROMAN

Vidar Sundstøl: Tingene hennes, Tiden

Ein norsk krimforfattar er på ferie ved Middelhavet, i lag med Michelle, den amerikanske kvinna han er gift med. Han står innanfor ei glasdør og ser ut, Sundstøl hevdar at han då står framom døra, men han om det, i alle høve står no krimforfattaren der, namnlaus enn så lenge, først på side 120 får me vita at han heiter Tor Haugen, eit namn det knapt kan vera nokon grunn til å gjera ein løyndom av. Michelle er ute og joggar. Ho kjem snart attende. Og Tor Haugen tenkjer på bøkene sine, han tenkjer på Michelle, han tenkjer på morgonkåpa han kjøpte til henne i Chicago, og han tenkjer på ho mor, som døydde for ikring fem år sidan. Dessutan tenkjer han på ei setning han har skrive, men som han ikkje minnest at han skreiv.(...)»


ikon

Språkleg svensk vellyst

Skrive av Ottar Fyllingsnes, Dag og Tid, 2007

«Sara Stridsberg skreiv ein roman om ei kvinne som er omtala som Amerikas første intellektuelle ludder. For det fekk ho Nordisk Råds litteraturpris.

Det er sjeldan lett å tippa kven som får Nordisk Råds litteraturpris. I år var ikkje Sara Stridsberg mellom favorittane, og det var kanskje ikkje så rart at ho trudde at folk tulla med henne då ho fekk meldinga om at ho hadde vunne prisen på 350.000 danske kroner. Men i Sverige har Sara Stridsberg fått mykje heider for Drömfakulteten; mellom anna Aftonbladets romanpris. (...)»


ikon

Superheltar og antiheltar i klassiske julehefte

Skrive av Jørund Hessevik, Nynorsk Pressekontor, 2007

«Appelsinar, peparkaker, nøtter og ein snublande hovmeister på fjernsyn. For mange er det ikkje ordentleg jul før ein kan lese dei klassiske julehefta framfor peisen.

I år er superhelten Knut Berg tilbake i ny strek, medan antihelten Smørbukk held fram i kjent stil. Dei fargerike avisstripene frå Amerika og bygdeskildringane frå vårt eige heimland har blitt ein sentral del av norsk julefeiring. (...)»


ikon

Ublodig, men ikkje blodfattig

Skrive av Marta Norheim, NRK, 2014

Når Harry Potter-forfattar J.K. Rowling går til krimmen, satsar ho meir på person- og miljøskildring enn på å dikte opp utspekulerte drapsmetodar. Det er heilt ok.


Kulturomtalar

ikon Omtalen fortel om og vurderer ei bok, ein film eller eit TV-program, ei framføring eller ei anna kulturhending (Omtalar vert også ofte kalla meldingar, som i bokmelding og filmmelding, eller anmeldelse på bokmål).

Omtalen gir ofte ei kritisk, heilskapleg vurdering, gjerne i personleg form. I dei seinare åra er det blitt vanleg å oppsummere vurderinga med ein poengverdi.

Det er flytande overgangar mellom omtalar og kritikkar – generelt kan ein seie at ein kritikk er ei lengre, grundigare og meir teoretisk grunngiven vurdering.

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.