Tekstbasen 2 - Nynorsksenteret –

TEKSTBASEN

Nynorske sakprosatekstar i ulike sjangrar

ikon

artistportrettet: Iron Maiden

Skrive av Arild Torvund Olsen, Norsk Barneblad, 2004

I snart tretti år har Iron Maiden halde på og spelt den særprega musikken sin, uavhengig av skiftande musikalske motar. Dei har hatt ei rad bestseljarar, spelt konsert framom eit publikum på 250 000 menneske og fått seg ein stor og trufast tilhengjarskare kring heile verda.


ikon

Forfattarpraten

Skrive av Nana Rise-Lynum, Norsk Barneblad, 2004

«Erna Osland bur i Matredal, som ligg nord for Bergen. Ho har skrive ei mengd bøker for barn og unge. Så mange prisar har ho vunne at vi knapt har plass til å ramse dei opp. I år var ho festspeldiktar i Bergen.

Kvifor blei du forfattar?
Den som vil skrive, må lese. Og eg vil så gjerne begge delar, både lese og skrive.

Kvifor skriv du for barn og unge?
Når eg skriv for unge, kan eg få sjå verda med barneauge. Og når eg gjer det, synest eg at eg ser klårare, sjølv når eg nistirer inn i den vaksne verda. (...)»


ikon

Nynorsk Blogg

Skrive av fleire forfattarar, Biblioteket i Nordhordland

På denne bloggen skal vi skrive om bøker vi liker og bøker vi meiner fleire bør få vite noko om! I første omgang om nynorsk barnelitteratur og når vi har lese litt meir vil vi og skrive om nynorsk litteratur for vaksne. Vi er bibliotektilsette i Nordhordland. Dei første postane er eit resultat av ivrig lesing av nynorske barne og ungsdomsbøker hausten 2008. I desember hadde vi ei samling der alle la fram “sine” bøker og resultatet kan du lese her.


Kulturomtalar

ikon Omtalen fortel om og vurderer ei bok, ein film eller eit TV-program, ei framføring eller ei anna kulturhending (Omtalar vert også ofte kalla meldingar, som i bokmelding og filmmelding, eller anmeldelse på bokmål).

Omtalen gir ofte ei kritisk, heilskapleg vurdering, gjerne i personleg form. I dei seinare åra er det blitt vanleg å oppsummere vurderinga med ein poengverdi.

Det er flytande overgangar mellom omtalar og kritikkar – generelt kan ein seie at ein kritikk er ei lengre, grundigare og meir teoretisk grunngiven vurdering.

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.