Tekstbasen 2 - Nynorsksenteret –

TEKSTBASEN

Nynorske sakprosatekstar i ulike sjangrar

ikon

Antiheltens glansdagar

Skrive av Kyrre Mathias Goksøyr, argument, 2008

Superheltsjangeren, den største teikneseriesjangeren, er no 70 år gamal. Store, små og massive forlag har produsert eit veritabelt virvar av menn, kvinner og mutantar i tettsittande drakter, helst i absurd sterke fargar. Dei har redda verda igjen og igjen, og i det store og heile har det gått for seg i både Metropolis og Gotham City, i DC Comics, Marvel og dei mange crossoverutgjevingane.


ikon

Bengalsk ljos over fotballen

Skrive av Karin Sveen, Dag og Tid, 2007

«Sportsjournalistane er som bokbadarar. Dei har ikkje vilje til anna enn å smeikja og smila. Dei framstår som tenarar, ikkje av journalistikken, men av makta som rår.

Bengalske ljos vart hivne ut på grasmatta då det norske herrelandslaget i fotball skulle spela EM-kvalifiseringskamp mot laget til Bosnia-Hercegovina på Ullevål stadion førre helga. Då den bosniske nasjonalsongen vart framførd, rulla ljoskastarane jamvel ut eit banner med ordet mafia påskrive.(...)»


ikon

Bioenergi og biobløff

Skrive av Trygve Refsdal, Dag og Tid, 2007

«Bioenergi er CO2-nøytral! Denne glade bodskapen kjem om att og om att - i media, i politikken og i klimadebattar. Bioenergien er fornybar og går inn i eit krinslaup i naturen.

Men er det så einfelt? Krinslaup i naturen kan vera så mangt, her er både gode sirklar og vonde sirklar. Og bioenergi er så mangt. Stort sett er det greitt når slik energi vert nytta direkte – til oppvarming her i kalde nord eller til matlaging i sør. Det er meir problematisk når organisk materiale skal omdannast til drivstoff for bilar. Eitt døme er det store programmet president George W. Bush har sett i gang for å laga bioetanol av mais. (...)»


ikon

Ein gammaldags pardans

Skrive av Andreas Skartveit, Dagbladet, 2008

«Kanskje må vi sjå nærare på det tankegodset Odd Aukrust og flokken hans la etter seg, skriv Andreas Skartveit.

Renta stig. Som visaren på eit gammalt urverk hakkar ho seg fram, bit for bit, oppover talrekkja. Bustadsmarknaden stagnerer, eigedomsmeklarar stengjer, og låntakarar blir alvorlege i ansiktet. Sentralbanksjefar og finansministrar sit i møte og tenkjer djupe tankar. Og renta stig(...)»


ikon

Knoting: det nye verdsmålet

Skrive av Cathrine Strøm, Dag og Tid, 2013

Cathrine Strøm skriv om livet som knotar, og litt om Språkåret.


ikon

Kvifor er det bondekrise?

Skrive av Aasmund Nordstoga, VG, 2014

Er det verkeleg krise hjå den norske bonden? Me bønder har då alltid noko å klage på, så kva er så nytt at VG sette det opp på fyrstesida? Jau, no er det så ille at neste generasjon ikkje vil overta elendigheten - altså garden.


ikon

Livet er ein onlinedans

Skrive av Sigbjørn Høidalen, Dag og Tid, 2007

«Er internett så utflatande, ope, demokratisk, folkeleg og fritt som det blir sagt? Eller er nettet i ferd med å snøre seg saman?

Neste veke er det kvinnedag att, og mykje er endra sidan den fyrste markeringa. Ho gjekk føre seg i Chicago i 1908, og målsetjinga var å betra tilhøva for kvinnelege arbeidarar. Kvinnedagen hadde ein tydeleg sosial profil, og slik var det i tiåra som fylgde, både i USA og andre vestlege land. Men seinare vart hardhendt ideologi viktigare enn solidaritet, og sidan syttitalet har kvinnerørsla vore splitta. At dei sosiale aspekta bortimot forsvann, hang saman med den nye individualiseringa som til tider likna meir på narsissisme enn frigjering. Mange store mål vart nådde i det førre hundreåret, og det pionerane skal ærast for, er at dei synte omsut for dei som var dårlegare stilte enn dei sjølve. (...)»


ikon

Multikulturalismens to andlet

Skrive av Svein Tuastad, Dag og Tid, 2007

«Korleis bør multikulturalismen møtast når han no er på full fart inn i norsk politikk?

Ein ny type politikk krev sin plass i vestlege samfunnet – multikultiideologien. Siste nummer av Dag og Tid gav brei omtale til krava frå Det muslimske rådet i Storbritannia om at britiske skular må verte meir spesialinnretta for muslimsk kultur. Den britiske tabloidpressa reagerte, som ho plar, med raseri. Andre jubla over framlegga. Storbritannia har av mange – ikkje minst britar – vore sett på som eit føregangsland i integrasjonsspørsmål. Alt i 1966 slo Labour-minister Ray Jenkins fast at i staden for assimilasjon skulle det støttast opp om dei ulike kulturane i landet. Og meir enn i andre vestlege land er det i britiske skular, på universiteta og i marknaden lagt opp til separate ordningar for kvar av minoritetsgruppene meir enn i andre vestlege land. (...)»


ikon

Nynorsk - det nye riksmålet?

Skrive av Magne Rogne, Bergens Tidende, 2007

«Ei konservativ dreiing av nynorsken vil slett ikkje hjelpe elevane. Det vil gå som med latinklassa til lille Marius: Nokre få vil greie det og stige opp i nynorskeliten, nokre få vil .døy. av det, medan dei fleste sannsynlegvis vil ende opp som nynorskhatarar.

Styret i Språkrådet
vedtok 14. september å starte arbeidet med å lage ”ei tydeleg, enkel og stram nynorsknorm utan sideformer”. Målet er ei norm som er stabil over tid. Dette kan verke forlokkande nok, men både det stramme og det stabile kan i denne samanhengen fort vise seg å stå i motsetning til intensjonane bak det nynorske prosjektet. (...)»


ikon

Rakett mot norske medium

Skrive av Stephen Walton, Dag og Tid, 2007

«Norske medium satsar for lite på grundig utanriksdekning, meiner Stephen Walton, og den kinesiske satellittnedskytinga er eit døme.

For eit par veker sidan, for å vere meir presis den 21. januar klokka 14.45 og 22 sekund, gjekk det eit jordskjelv her på Nordvestlandet, 4,1 på Richters skala. Det rysta i huset, og braka på nett same måten som når det går eit skikkeleg takras. Men det låg lite snø på taket den dagen, så det var uråd å skjøne nett kva som hende. Først da vi høyrde på dagsnytt etterpå, forstod vi at det var jordskjelv. (...)»


ikon

Sjukepleiarmangel

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Sunnmørsposten, 2007

«HELSEKRISE. Heile 17 prosent av norske kommunar har mangel på sjukepleiarar og mangel på sjukepleiarstillingar. Det viser tal frå den ferske FAFO-rapporten «Gull eller gråstein». 102 av kommunane her i landet har hatt ei fallande sjukepleiardekning frå 2003 til 2006. Når målet er å kunne behandle fleire på sjukehus og ha omsorg for fleire i ulike institusjonar, så er den negative utviklinga i talet på sjukepleiarar eit illevarslande signal. Regjeringa har varsla at ein satsar på å nå målet om 10 000 fleire tilsette i omsorgssektoren. Det er vel og bra, og ikkje særleg mykje meir for ein fireårsperiode enn det som også hittil har vore veksttakten, men frå regjeringa si side er det ikkje sagt noko om at desse 10 000 nye skal ha sjukepleiarkvalifikasjonar. (...)»


ikon

Språk i spagaten

Skrive av Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, Bergens Tidende, 2015

Vestlandsungdomar skriv dialekt på Facebook i staden for normert norsk. Det treng ikkje sende nynorsken på sotteseng.


ikon

Trynefaktoren

Skrive av Harald Kjølås, Sunnmørsposten, 2007

« «Kampen om ordførarposisjonen er blitt vesentleg hardare nå enn for nokre tiår sidan, og som einaste heiltidspolitikaren er 0rdføraren blitt viktigare for kommunen»

Avkledd partimessige flosklar og valflesk handlar lokalvalkampen eigentleg om tillit og manglande tillit til personar.

OPEN VALKAMP.
Ei hovudutfordring ved det komande lokalvalet blir å få mange nok veljarar til stemmeurnene. Særleg utfordrande blir det å få førstegongsveljarane og dei unge til å stemme. (...)»


ikon

USA har ingenting lært

Skrive av Roald Helgheim, Dag og Tid, 2007

«Dei nykonservative i USA har framleis ingenting lært, seier Francis Fukuyama, i eit nytt oppgjer med krigshissarane han heldt på å kome i klørne på.

Forfattaren av The End of History and the Last Man kom på slutten av nittitalet i skade for å skrive under på det nykonservative oppropet Project for a New America, der alle haukane i lobbyen rundt George W. Bush var med. I røynda var det eit tidleg opprop for å gå til krig mot Irak. (...)»


ikon

Venleg helsing kunnskapsministeren

Skrive av Kari Hasle, NRK, 2014

Ein stadig meir kommersialisert skuledag får konsekvensar. Og no blir den også gitt legitimitet av kunnskapsministeren.


Kronikk

ikon Ein kronikk er ein større, seriøs fagartikkel i ei avis eller eit tidsskrift, og står som oftast på ein fast plass i publikasjonen. Kronikken er ein blandingssjanger, som ligg midt mellom ein journalistisk og ein akademisk tekst.

Ein kronikk er skrive av ein ekstern skribent utanfor redaksjonen som ofte er ekspert på sitt område.

Den kronikktypen vi finn i Noreg eksisterer berre i Skandinavia. Det finst liknande essaytypar og kommentarar i andre vestlege kulturar, men dei finn ikkje alltid vegen til avisene, og blir heller trykt i tidsskrift og magasin.

Positive kjenneteikn:
Kronikken er sakleg i forma, men gjerne munnleg og lett skrive. Stilen er argumenterande og forklarande, men ikkje akademisk. Kronikken presenterer konklusjonar eller standpunkt, og utvalte premiss for desse. Kronikken er aktuell, sett i ein større samanheng. Kronikken presenterer det viktigaste først.

Negative kjenneteikn:
Kronikken er ikkje ein nyheitsartikkel og inneheld som regel ikkje framandord og fagsjargong. Det er ikkje plass til utdjupande metodedrøfting, gjennomgang av faglitteratur eller utførleg argumentasjon.

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.