Tekstbasen 2 - Nynorsksenteret –

TEKSTBASEN

Nynorske sakprosatekstar i ulike sjangrar

ikon

«Den guddommelege komedien» som nynorsk teikneserie

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Nynorsk Pressekontor, 2007

«(NPK): No kjem det klassiske verket «La Divina Commedia» av Dante Alighieri (1265–1321) ut som teikneserie hos TransFe:r Forlag i Bergen. «Dante: Den guddommelege komedie som teikneserie – Helvetet» er teikna av Marcello Toninelli og omsett til norsk av Bodil Moss.

Dette er ein teikneserieparodi som første gong vart presentert for lesarar i Italia i 1968. Etter nokre endringar kom han ut i bokform i 2004 som «Dante: Divina Commedia a fumetti – Inferno», første boka i ein trilogi som fekk stor merksemd og no er utseld i Italia. (...) »


ikon

Apple forbi Coca-Cola som beste merkevara i verda

Skrive av Kari Hamre, Nynorsk Pressekontor, 2013

Apple har passert Coca-Cola i ei stor undersøking av kva som er «beste globale merkevare».


ikon

Bønder jublar over bonde-reality

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Nynorsk Pressekontor, 2007

"(NPK): Ein ny sesong med TV 2- programmet Jakten på kjærligheten er i gang, og skeptikarane erkjenner at programmet har vore god reklame for bøndene.

Norges Bondelag frykta før programmet kom på lufta for fire år sidan, at realityserien skulle henge ut ei allereie plaga yrkesgruppe i ein vanskeleg livssituasjon, og raste mot ideen. (...)"


ikon

Først med nynorsk i KK

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Nynorsk Pressekontor, 2007

«(NPK): Journalist Ingvild Kjøde frå Ørsta på Sunnmøre vert den første som får trykt ei sak på nynorsk i vekebladet KK. Intervjuobjektet hennar seier vanlegvis nei til å late seg portrettintervjue, men då Kjøde tilbaud eit intervju på nynorsk, sa mannen ja.

Intervjuobjektet er ingen ringare enn Jon Fosse, fortel avisa Møre-Nytt. (...)»


ikon

Forskar: – Snus er betre for folkehelsa enn røyk

Skrive av Kirsten Offerdal, Nynorsk Pressekontor, 2013

Nordmenn snusar ikkje i tillegg til å røykje, men snusar i staden for å røykje. Snusen blir òg brukt av røykjarar som ønskjer å slutte eller trappe ned på sigarettforbruket.


ikon

Framleis nedgang i sjukefråværet

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Nynorsk Pressekontor, 2007

«(NPK): Det totale sjukefråværet gjekk ned frå 6,6 til 6,5 prosent frå andre kvartal i fjor til andre kvartal i år.

– Utviklinga er den same no som ved førre måling, og truleg kan vi sjå ei ytterlegare betring framover som følgje av at det no blir stilt auka krav til aktivitet tidleg i sjukmeldingstida, seier arbeids- og velferdsdirektør Tor Saglie. (...) »


ikon

Framleis piggdekkavgift i Bergen

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Nynorsk Pressekontor, 2007

«(NPK): Statens vegvesen har bestemt at Bergen kommune ikkje kan fjerne piggdekkavgifta sjølv om byrådet vil gjere det.

– Å fjerne avgifta vil vere i strid med krava i Forureiningslova for lokal luftkvalitet. Bergen er pålagt å innføre effektive tiltak når forureininga går over dei sette grenseverdiane i over 35 døgn, slår trafikkdirektør Ole Chr. Torpp fast i eit brev til kommunen. (...)»


ikon

Heile Noreg seier nei til EU

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Nynorsk Pressekontor, 2007

«(NPK–NTB): Nei-sida kan glede seg over ny rekordmåling. Alle landsdelar, alle aldersgrupper, alle inntektsgrupper og både kvinner og menn seier no nei til EU, 35 år etter at Noreg sa nei til dette europasamarbeidet for første gong.

I alt 52,5 prosent av norske veljarar seier nei til EU. Ja-sida har støtte frå 35,6 prosent av veljarane, medan 11,9 prosent høyrer til veit-ikkje-gruppa. Det kjem fram i den månadlege EU-målinga som Sentio har gjort for Nationen, Dagen og Klassekampen. (...) »


ikon

Ingen norske i eliteserien blant merkevarer

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Nynorsk Pressekontor, 2007

«(NPK): Det er den finske telegiganten Nokia som tronar på toppen av European Brand Institutes (EBI) liste over dei sterkaste merkevarene i Europa.

Ingen norske merkevarer har kome seg inn på lista over dei 50 sterkaste merkevarene i Europa. Telenor er Noregs beste heilt nede på ein 68. plass. (...)»


ikon

Kven fortener nynorsk næringslivspris?

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Nynorsk Pressekontor, 2007

«(NPK): Noregs Mållag skal dela ut Nynorsk næringslivspris for andre gong. – I fjor gjekk prisen til Lerum AS. Det blir spennande å sjå kven som når opp i år. No inviterer vi alle til å koma med framlegg til gode kandidatar, seier juryleiar Berit Rekve.

Framlegg kan òg omfatta verksemder som nyttar nynorsk, men som ikkje har berre dette som målform. (...)»


ikon

Kyrkje-nei til ny ekteskapslov

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Nynorsk Pressekontor, 2007

«(NPK): Kyrkjerådet går mot forslaget til regjeringa om ei ny kjønnsnøytral ekteskapslov. 10 av dei 15 medlemmene i rådet meiner ekteskapet framleis berre skal gjelda for mann og kvinne.

– Vi held fast ved at ekteskapsomgrepet framleis berre skal gjelda det offisielt inngåtte og forpliktande samlivet mellom mann og kvinne. Sjølv om ein partnarskap mellom to av same kjønn på mange måtar kan samanliknast med ekteskapet, tilseier det likevel ikkje at ein fullt ut kan tala om dei to samlivsformene som same sak, heiter det i høyringsuttalen frå Kyrkjerådet. (...)»


ikon

Luktstoff kan redusere bruk av sprøytemiddel

Skrive av Nynorsk Pressekontor, Nynorsk Pressekontor, 2013

(NPK): Ved hjelp av luktstoff insekt likar, håpar forskarar ein skal kunne redusere bruk av sprøytemiddel.


ikon

Mange føretak bruker sosiale medium

Skrive av Kirsten Offerdal, Nynorsk Pressekontor, 2013

Nesten halvparten av alle føretak med ti tilsette eller meir har teke i bruk sosiale medium, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.


ikon

Menn utløyser flest trafikkulukker

Skrive av Nynorsk Pressekontor, Nynorsk Pressekontor, 2013

(NPK): – Menn køyrer oftare enn kvinner for fort, er oftare rusa og brukar sjeldnare bilbelte. Derfor er dei i større grad enn kvinner årsak til dei mest alvorlege trafikkulukkene.


ikon

Microsoft med XP på nynorsk

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Nynorsk Pressekontor, 2006

«(NPK): For to år sidan måtte Microsoft bøye seg for kravet om å levere programpakka Office på nynorsk. Denne veka gratulerer selskapet Noregs Mållag med 100-årsmarkeringa ved å introdusere operativsystemet Windows XP på nynorsk, slik dei lovde i 2002.

Samstundes får brukarar av Word og Office ei ny nynorsk synonymordliste, Ordrik, som er utvikla av Nynodata. Synonymordboka skal gjere det lett å finne nynorske synonym, og ho skal også kunne hjelpe bokmålsbrukarar til å finne nynorske omsetjingar av bokmålsord. (...)»


ikon

Nynorskpris til samferdsleministeren

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Nynorsk Pressekontor, 2007

«(NPK): Samferdsleminister Liv Signe Navarsete er tildelt Storegutprisen for god og levande bruk av nynorsk. Det er Litteraturdagane i Vinje i Telemark som står bak prisen.

I grunngjevinga heiter det at Navarsete er ein framifrå representant for nynorsk målbruk, og at ho brukar dialekten sin og nynorsk på ein naturleg måte i alle samanhengar. (...)»


ikon

OL går frå kjipt til kjipare for Solemdal

Skrive av Hans-Olav Rise, NRK Møre og Romsdal, 2014

Medaljejoker Synnøve Solemdal (24) har slite så langt i OL. Etter to dårlege løp må ho no stå over det tredje på grunn av sjukdom.


ikon

Sju av åtte statlege organ bryt mållova

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Nynorsk Pressekontor, 2007

«(NPK): Sju av åtte statsorgan bryt framleis mållova, men dei dårlegaste er blitt litt betre. Slik oppsummerer Språkrådet rapporten om målbruk i statstenesta for 2006. Rapporten omfattar 158 statsorgan under departementsnivå.

Gjennom mållova er sentrale statsorgan pålagt å sikre at informasjonen dei gir ut, har minst 25 prosent nynorsk. I papirtilfang er det små endringar frå året før, men den gjennomsnittlege nynorskprosenten har auka frå 22 til 27 i kortare tekstar. (...)»


ikon

Ti minutt med Li Edelkoort og Hella Jongerius

Skrive av Cecilie Molvær Jørgensen, ELLE interiør, 2008

– Ja, det kan godt vere at finanskrisa kjem til å framskunde prosessen, svarar Edelkoort, om teorien hennar om at «bøndene er den nye adelen» (sjå www.elleinterior.no for eit tidlegare intervju kring emnet). Ifølgje henne lever vi i ei verd der det blir meir og meir fokus på dei nære og kjære tinga, noko som kom til syne under utstillinga A World of Folk i Sandnes, og gjennom seminaret der denne dagen i september; Folk Futures. Folklore er eit viktig omgrep i begge.


ikon

Tomtefestelova ikkje i strid med Grunnlova

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Nynorsk Pressekontor, 2007

«(NPK–NTB): Paragraf 33 i tomtefestelova er ikkje i strid med Grunnlova, slår Høgsterett fast i ein samrøystes dom.

Dermed er retten til å forlengja eit feste på same vilkår som tidlegare ikkje i strid med paragraf 97 i Grunnlova. Dommen gjeld eit sameige i Oslo som kravde forlenging av ein festeavtale. (...)»


ikon

Tusen lyn på tors dag

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Firda Tidend, 2006

Når torevêret slår til for fullt på Vestlandet er det ikkje uvanleg med mellom 100 og 200 lyn. Men på torsdag var Tor ekstra ivrig med hammaren.

Dei nær 1000 lynnedslaga på Vestlandet torsdag kveld førte til at straumen var borte mange stader i Sogn og Fjordane.


ikon

Vellukka kamp mot kriminelle gjengangarar

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Nynorsk Pressekontor, 2007

«(NPK–NTB): Det arbeidet politiet har sett inn mot kriminelle gjengangarar, har redusert kriminaliteten fleire stader i Noreg.

Prosjektet går ut på at politiet følgjer dei verste vinningsforbrytarane over lengre tid og slår hardt og raskt ned på lovbrot.

I Hordaland er talet på bustadinnbrot og biltjuveri halvert sidan prosjektet starta. Også i Oslo går kriminaliteten ned. Blant gjengangarane i hovudstaden er kriminaliteten redusert med 3 500 lovbrot i året, melder NRK. (...) »


ikon

– Noreg kan ikkje rekne med hjelp av NATO

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Nynorsk Pressekontor, 2007

«(NPK–NTB): Noreg kan ikkje stole på hjelp frå NATO dersom det oppstår ein alvorleg konflikt mellom Russland og Noreg, meiner forsvarssjef Sverre Diesen. Det kjem fram i den hemmelegstempla Forsvarsstudie 07 som NRK har fått tilgang til.

Årsaka er at NATO har lagt større vekt på å kjempe mot terror, til dømes i Afghanistan. Diesen skriv at ein invasjon av Noreg ikkje er realistisk, men teiknar likevel eit scenario der kampen om fisken, olja og gassen i nordområda kan bli ei utfordring for Noreg i forholdet til den militære stormakta i aust. Russarane har auka den militære øvingsaktiviteten utanfor norskekysten dramatisk dei siste månadene. Norske jagarfly har vorte sende ut heile 18 gonger for å identifisere russiske bombefly nær norskegrensa.»


ikon

– Offer for NOx-avgifta

Skrive av Svein Aam, Sunnmørsposten, 2007

«NOX. Trålaren «Nordøytrål» frå Haram vert selt til Olympic-reiarlaget, dersom Fiskeridirektoratet godkjenner eigarskiftet. Skipper Vidar Klokk, som er den største eigaren, seier at NOx-avgifta er ei sterkt medverkande årsak til at han er villig til å selje trålaren.

– Eg har investert sjel, skjorte og eit halvt liv i fiskeria. No tør eg ikkje meir, seier Vidar Klokk. (...)»


ikon

– Utbreidd bruk av tvang på norske sjukeheimar

Skrive av Benedikte Grov, Nynorsk Pressekontor, 2013

Tilsette ved sjukeheimar ser seg ofte nøydde til å bruke tvang overfor dei eldre, ifølgje ein ny studie. Formålet er å beskytte pasienten, seg sjølv og andre bebuarar.


Notisar

ikon Ein notis er ei kort skriftleg melding i ein avis som fortel nyheiter frå fjern og nær. Aviser abonnerer ofte på notisar frå ulike telegrambyrå.

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.