Tekstbasen 2 - Nynorsksenteret –

TEKSTBASEN

Nynorske sakprosatekstar i ulike sjangrar

ikon

All that jazz

Skrive av Cecilie Molvær Jørgensen, ELLE interiør, 2008

Hilde Louise var ikkje i tvil om kva ho ville vise fram då ELLE Interiør skulle kome på besøk. – Eg elskar denne stolen, det er far min som har designa han, fortel ho, oppglødd. Den har namnet Contura, mens faren heiter Svein Asbjørnsen, www.furnart.no. Som direktør i eige plateselskap, Sweet Morning Records, eit jazzalbum som står til seks og ny hovudrolle med Riksteatret, er det ikkje rart jenta snurrar på stolen!


ikon

Bella Donna

Skrive av Cecilie Molvær Jørgensen, ELLE interiør, 2008

«På scena er Beady Belle-vokalist Beate Lech ujålete og lidenskapeleg. Heime er interiøret hennar akkurat like ekte.

Rotehovud eller ordensmenneske?

Eg er nok eit ordensmenneske. Fordi det er ganske kaotisk inne i meg, likar eg å ha orden på utsida. Men det er ei utfordring, spesielt med ei lita dotter på 1 ¾ år, som synast det kjekkaste i verda er å trykke brunosten ned i golvet (...)»

Tema: musikk


ikon

Bollar, brød og lukketreff

Skrive av Janne Vibeke Rosenberg, Fjord1-magasinet

«For kokken Morten Schakenda var draumen aldri eige bakeri eller hus på landet. Men likevel blei det slik. I dag driv han det anerkjende Bakeriet i Lom, og folk køyrer milevis for å kjøpe varmt brød og kveitebollar laga på gamlemåten.»


ikon

Då Sinclair fall for bondehand

Skrive av Geir Arne Solheim, Fjord1-magasinet, 2005

«På E6 i Gudbrandsdalen, midt mellom dei to største byane i Noreg, finn vi busstoppestaden Vertshuset Sinclair på Kvam. I år er dette ein meir sentral plass enn vanleg, som ein del av den offisielle hundreårsmarkeringa. Samstundes er historia om Sinclair, både det som hende, og slik det vart framstilt i etterkant, eit teikn på ein norske kamp for sjølvstende.

Ekspressbussane frå Møre og Nordfjord har alltid ein stopp på 25 minutt på Vertshuset Sinclair. Vertshushaldar Jon Selfors har eit medvite forhold til lokalhistoria. Han har mellom anna samla fleire historiske gjenstandar frå tida kring 1905. Frå 16. mai og ut året kan ein sjå utstillinga på vertshuset. Selfors har òg halde ved like legenda om skotten Georg Sinclair. (...)»


ikon

Det viktigaste reisemålet til landslagssjefen

Skrive av Thor Fuglset, Fjord1-magasinet, 2006

«Mens storparten av det fotballinteresserte Noreg har gått i vinterdvale, jobbar landslagssjef Åge Hareide og apparatet rundt han knallhardt med å førebu kampane som skal føre Noreg til EM i Sveits og Austerrike sommaren 2008.

Molde er basen, men Hareide er stadig på reisefot. Han er ofte å sjå i høgborga til norsk fotball, kontora til Noregs Fotballforbund på Ullevaal Stadion. I tillegg krev oppfølging av utanlandsproffane og deltaking på fagkonferansar regelmessig reising. Verda er globalisert, og ikkje noko er så globalisert som kampen om lêrkula. (...)»

Emne: Fotball


ikon

Ei dronning vender tilbake

Skrive av Geir Arne Solheim, Fjord1-magasinet, 2005

«Dronninga på havet og verdas største cruiseskip, Queen Mary 2, imponerte tusenar av menneske då ho vitja Sunnmøre i juli i fjor. No er monarken på veg attende til den norske vestkysten - ein destinasjon som er ei dronning verdig!

21.–22. juni lyt sunnmøringane rulle ut den raude løparen nok ein gong. Då får Geiranger, Hellesylt og Ålesund besøk av det største og mest spektakulære cruiseskipet som seglar på dei sju hav i dag. Med sine 345 meter og 23 etasjar får Queen Mary 2 Ålesund til å sjå ut som ein Legoland-miniatyr. (...)»


ikon

ELLE i møte med Peter Opsvik

Skrive av Cecilie Molvær Jørgensen, ELLE interiør, 2008

Med sine snart 70 år og over fire tiår bak seg som formgjevar, har nasjonaldesignaren vår sete seg gjennom livet. Danskane har Arne Jacobsen, finnane Alvar Aalto. Vi har Peter Opsvik.


ikon

Eventyrleg sildefiske

Skrive av Jo Hjelle, Bergens Tidende, 2010

Sotrabåten "Liafjell" finn sild utanfor Øygarden. Sildefisket er snart som i gamle dagar. (Videoen varar i tre minuttar.)


ikon

Fann den rette i Fosse

Skrive av Hild Nordal, Sunnmørsposten, 2007

« «KK»-journalist Ingvild Kjøde (34) frå Ørsta fekk lov av sjefen å skrive nynorsk dersom ho fann eit passande intervjuobjekt.

OSLO.
Ingvild Kjøde fann den rette i Europas mest spelte dramatikar, forfattar Jon Fosse frå Hardanger. I «KK» denne veka kan du lese portrettintervjuet ho har laga med han. Dette er første gongen «KK», som er det største damebladet i Noreg, skriv nynorsk på redaksjonell plass. (...)»


ikon

Flest norske vogntog i grøfta

Skrive av Jan Egil Fimreite, Sogn Avis, 2007

« ▪▪ Og fleire i møteulykker ▪▪ Betre skodd

Sogndal: Norske tungtransportsjåførar hamnar oftare i grøfta enn dei utanlandske kollegaene. Dei er også borti fleire møteulykker. Men utanlandske sjåførar står oftare fast.


Dette syner eit oversyn over bergingsoppdrag på E16 i Filefjell/Tyin-området og på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet. (...)»


ikon

FN utfordrar vestlendingane

Skrive av Geir Arne Solheim, Fjord1-magasinet, 2005

«Alle land i verda har forplikta seg til å jobbe for å nå dei såkalla tusenårsmåla til FN om å fjerne fattigdommen og urettferda i verda innan 2015. Diverre er det svært få som veit noko om desse viktige måla. Difor vert det denne hausten sett i gang ein omfattande kampanje i forlenginga av Live8 og "Make Poverty History", mellom anna med eit stort FN-arrangement i Ålesund.

Den internasjonale veka i Ålesund går frå 19. oktober og fram til FN-dagen 24. oktober.

– Dette er eit viktig arrangement som skal setje fokus på kva som må gjerast for å hjelpe dei fattigaste i verda. Tiltaket er eit samarbeid mellom FN-sambandet, Utanriksdepartementet og Ålesund kommune, og målet er å spreie kunnskap om tusenårsmåla og la folk i regionen få ta del i spanande, multikulturelle aktivitetar. (...)»


ikon

Godøy vil bryte Stranda si sigersrekke

Skrive av Sindre Halkjelsvik, Sunnmørsposten, 2007

«I kveld møtest Stranda og Godøy til toppkamp i 4. divisjon. Mykje skal gå gale om ikkje vinnaren spelar 3. divisjon neste år.

FOTBALL.
Godøy leier med 36 poeng. Stranda er tett bak med 35, og desse to har ei lita luke til formlaga Rollon på 31 og Bergsøy på 29. Men dei to topplaga går heller ikkje på mange feilskjer denne sesongen.

– Vi har faktisk ikkje tapt sidan det blei 0–3 mot Godøy på grusbana der ute i vår, seier Stranda-trenar Ronny Ødegård til Sunnmørsposten. (...)»


ikon

Gravrøvar-kunst på museum

Skrive av Roald Helgheim, Dag og Tid, 2007

«- Det blir betalt store pengar for etruskiske vasar, sa Johann Wolfgang von Goethe i 1787. Over 200 år etter kjem det for ein dag at samlingane i dei største musea i USA og det danske Glyptoteket er fulle av stolen antikk kunst.

Tidlegare i år har italienske og amerikanske styresmakter tinga om tilbakelevering av etruskisk kunst frå Metropolitan Museum of Art. No peikar pila mot Ny Carlsberg Glyptotek i København, som har handla kunst med internasjonale storsvindlarar som mellommenn. Kva enden blir på saka for Danmark, vil vise seg ein gong i 2007. Då har amerikanske og italienske styresmakter vonleg tinga seg ferdig, etter at Metropolitan- museet tidlegare i år vedgjekk at dei hadde 21 stolne kunstgjenstandar som stammar frå Italia. Den største bakmannen, som har levert antikke kunstgjenstandar av like stor verdi til det danske Glyptoteket, er italienaren Giacomo Medici, som i fjor vart dømd til ti års fengsel, etter at politiet i Genève hadde kverrsett 4000 gjenstandar. (...)»


ikon

- Ha ein kjekke dag!

Skrive av Geir Arne Solheim, Fjord1-magasinet, 2005

«Eli Kari Gjengedal (34) har gjeve deg både sorger og gleder som vêrdame i TV2. Men same kor tunge skyer som ligg over landet, stråler alltid Eli Kari som ei sol. Møt ei allsidig og engasjert jente som helst reiser kollektivt!

Vi sit på «K-senteret» på Hermansverk i Leikanger kommune ved Sognefjorden. Eli Kari helsar på annankvar person som går forbi. Ho er på heimebane. Her er ingen autograf-jegerar eller reklamebyrå ute etter henne. På Leikanger er ho klassekameraten, søstera, dottera og festkompisen. - Det er kjekt å kome heim av og til, seier Eli Kari, med sitt vanlege smil – sjølve varemerket til TV-kjendisen. (...)»


ikon

Intervju med pistol og kamera

Skrive av Hjalmar Eiksund, Nynorsksenteret

Mange nyttar høvet på starten av skuleåret til å la nye fjes intervjue kvarandre. Inkluderer ein datamaskinen med nokre enkle biletprogram og litt teksthandsaming, kan ein gjere dette til eit arbeid med samansette tekstar.

Aktuell tekst: teksten om Bella Donna i ELLE interiør.


ikon

Kjærteikna

Skrive av Cecilie Molvær Jørgensen, ELLE interiør, 2009

Kjærleik er hovudingrediensen i alt dama bak motemerket Filippa K gjev seg ut på. I jobb og privat. Og i Paris-leilegheita ho delar med kjærasten Thomas.


ikon

Kjem frå USA til Selje

Skrive av Anne-Mari Tomasgard, Sunnmørsposten, 2007

«Birgit Djupedal-Fioravante utvandra frå Selje som treåring og er no operasongar i USA. Under Sunnivadagane skal ho for første gong ha konsert i Selje.

SELJE.
â?? Eg har alltid hatt lyst til å synge konsertar her, og no er det for første gong blitt tid til det, seier Birgit Djupedal-Fioravante.

Det er i Selje ho har røtene sine. Både mora og faren er herifrå. Men då ho sjølv var tre år gammal, fekk faren jobb som ingeniør i Ohio. Sidan har ho budd der, med unntak av eitt år på folkehøgskule på Voss. (...)»


ikon

Kleven samordnar verfta

Skrive av Torill Myren, Sunnmørsposten, 2007

«Kleven Maritime samordnar Myklebust Verft og Kleven Verft. Sande-politikarane fryktar konsekvensane.

NÆRING.
Kleven Verft i Ulstein har hatt hand om Myklebust Verft i Sande sidan årsskiftet 2000/2001. Spesielt dei siste åra har verfta hatt ulik utvikling. Kleven si omsetning har gått frå vel 200 millionar i året til over 1600 millionar kroner, og leverte meir enn 45 millionar kroner i resultat før skatt. (...)»


ikon

Kosa seg under tak

Skrive av Vagn Scheide Mork, Sunnmørsposten, 2007

«Regnvêret la ein liten dempar på Solsikkedagane denne helga. Men oppslutninga på tilstellingane innandørs i messetelta og på senteret på Fiskå var stor.

VANYLVEN.
Heldigvis var mange av programinnslaga under tak, og messeteltet på parkeringsplassen på Fiskå var stappfullt av folk ved fleire høve laurdag. Frisør Silje Rusten arrangerte hårshow, og fekk god respons frå lokalbefolkninga. Faktisk var det ikkje plass til alle som ville sjå inne i teltet. Derfor måtte ein fjerne delar av veggane, slik at også dei som stod utanfor, fekk med seg dei nye sveisane til modellane. (...)»


ikon

Kreativ nynorsk på utstilling

Skrive av Andrea Rygg Nøttveit, Framtida, 2013

Sandra Vestheim har laga film om språket i kvardagen sin. No er resultatet med i Nasjonalbiblioteket si feiring av den europeiske språkdagen.


ikon

Lofottorsken vil ikkje til Lofoten

Skrive av Arvid Bryne, Dag og Tid, 2007

«KABELVÅG: Det er stilt i Vestfjorden. For første gong på 150 år er ikkje fiskerioppsynet sett på dei tradisjonelle fiskeplassane i Lofoten. Det trengst ikkje. For her er ikkje skrei.

Så lenge det har vore skrive historie her i landet, har skreien kome frå Barentshavet inn til Lofoten for å gyta ein gong mellom januar og mars. Det er sagt at Nidarosdomen er bygd på skrei og Bergen på tørrfisk frå Lofoten. Magnus Lagabøte måtte revidera det som alt på hans tid fanst av lover for fiske for at dei skulle verta tidhøvelege. Sidan har fiskarar årvisst kome til Lofoten frå kystområda heilt sør til Rogaland. Dei opplevde gode år og dårlege år, dei fekk eventyrfangstar eller dei sleit og fraus og krangla og slost. Skreien kom like sikkert som årstidene. Men ikkje alltid i like store kvanta. (...)»


ikon

Marsrover inspirert av vindblåste plantar

Skrive av Unni Eikeseth, NRK, 2012

Rullande robotballar som blir ført av garde med vinden kan bli NASAs framtidige utforskarar av planeten Mars.

[...]


ikon

MINT

Skrive av Cecilie Molvær Jørgensen, ELLE interiør, 2007

«Langs med Strandkaien i Bergen er der ein eim av noko friskt, noko søtt og noko sterkt. Mint har halde hus der i nokre månader, og er så absolutt blitt lagt merke til.

Birgit Kalvatn og Margit Haatveit brenn for butikken sin, der kvar ting er nøye vald ut for å passe i lag med resten.»


ikon

Minus for Hjellegjerde

Skrive av Øivind Rånes, Sunnmørsposten, 2007

«Eit underskot på 22,1 millionar kroner er resultatet før skatt for møbelprodusenten Hjellegjerde etter fyrste halvår i år. Same tid i fjor synte eit overskot på 13,5 millionar kroner.

MØBELINDUSTRI.
Møbelprodusenten Hjellegjerde i Sykkylven forklarar i ei børsmelding at det negative resultatet kjem som ei følgje av kostnadene med å kutte ned talet på tilsette i produksjonen av møblar i Noreg. Talet skulle reduserast med 72 personar innan utgangen av juli månad. Desse kostnadene er skrivne i rekneskapen for fyrste halvår 2007.(...)»


ikon

Mora di er homo!

Skrive av Runar Gudnason, Syn og segn, 2010

"I ein boksering møtest unge sveitte, kortklipte menn til nærkamp. Men i staden for shorts har dei på seg store brøker og t-skjorte; i staden for boksehanskar har dei ein mikrofon i den eine neven, og verda i den andre [...]"


ikon

Mystisk øy sletta frå kartet for godt

Skrive av Unni Eikeseth, NRK, 2013

Ei Stillehavsøy kjent sidan 1876 var fordufta då australske forskarar leita etter henne.


ikon

Oppdaga ny insektart på Flickr

Skrive av Unni Eikeseth, NRK, 2012

Eit amatørbilete av eit uvanleg insekt viste seg å vere ny art. – Godt eksempel på samarbeid mellom forskarar og amatørar, seier norsk biolog.

[...]


ikon

Returnerer til røtene

Skrive av Ina-Cristine Helljesen, Fjord1-magasinet

Få nordmenn har gjort ein liknande kometkarriere i ein Premier League-klubb. Han blei ikkje kalla «the Babyfaced Assasin» for ingenting. No satsar den mest omtalte fotballspelaren i Noreg gjennom tidene alle korta på trenarjobb på heimebane.


ikon

Satsar friskt på fiskeri

Skrive av Svein Aam, Sunnmørsposten, 2007

«Herøy-reiaren Stig Remøy går tilbake til røtene i fiskeria, og kjøper både ny og brukt trålar. – Eg likar å gå mot straumen, seier Remøy.

FISKERI.
Stig Remøy har dei ti siste åra bygd opp Olympicgruppen. Offshorereiarlaget er i sterk vekst, og fekk i fjor eit overskot på 320 millionar kroner. Men det er fiskeskipper han er, med 15 års erfaring i trålfiskeri. Olympic-reiarlaget driv framleis reketrålaren «Olympic Prawn», og eig forskingsskipet «Jan Mayen». (...)»


ikon

Senka Levanger på nytt

Skrive av Sindre Halkjelsvik, Sunnmørsposten, 2007

«Elleve minutt før slutt fekk Fredrik Klock ballen på seksâ??sju meter og dunka inn 2â??1. Same resultat, same matchvinnar og jamvel same type scoring som i vårkampen mot Levanger.

FOTBALL.
Fredrik Klock har eit vondt kne, og blei testa på Høddvoll nokre timar før kampstart. Han heldt seg på beina såpass at han meldte seg kampklar, og angrar neppe. (...)»


ikon

Snubla over kjøttetande plante på Svalbard

Skrive av Kjersti Strømmen, NRK, 2013

"Biologar har snubla over ein blomsterart som aldri før har vore funne på Svalbard. Ekspertar meiner at funnet er ein sensasjon, og eit tydeleg teikn på kor lite ein veit om det biologiske mangfaldet i eit smeltande Arktis."


ikon

Størst på kunstgras

Skrive av Hild Nordal, Sunnmørsposten, 2007

«Med to nye kunstgrasbaner på plass kan VTI Fotball skilte med mest kunstgras av alle klubbane på Sunnmøre.

VOLDA. Dei siste vekene har det blitt rulla ut kunstgras på til saman 136 x 120 meter på Volda stadion. Dette utgjer ei ellevarbane og ei sjuarbane. (...)»


ikon

Stampa dunkar igjen

Skrive av Kjetil Tandstad, Sunnmørsposten, 2007

«Det har vore stilt lenge ved fossane på Jøsvoll, men i dag skal Stampa på ny dunke og slå. Eit tidleg industriminne er gjenreist ved Stavåna.

STORDAL.
Det er grønt gras på taket og vegger av breie tømmerstokkar. Ei renne fører vatnet frå Stavåna og ned på vasshjulet. Hjulet driv ein solid tømmerstokk med hakar. Hakane løfter tunge stokkar opp, slepper dei og let dei falle tungt ned i ei renne i golvet. Dette er tidlegare tiders tøymjuknar. I denne renna la dei nytt og stivt vadmålstøy, som vart både mjukt, tett og varmt av den hardhendte behandlinga. (...)»


ikon

Tenkaren

Skrive av Cecilie Molvær Jørgensen, ELLE interiør, 2009

– Kva gjer vi når gjennomsnittsalderen i den vestlege del av verda om 15 år er 55? Eg berre spør: Kva gjer vi? Arik Levy heiser skuldrene opp under øyra og vender handflatene oppover i ein spørjande gest. Auga borar intenst i meg, og eg er redd han forventar at eg skal kome opp med eit vitugt svar. Heldigvis tar han berre ei kort pustepause før han fortset.


ikon

Tsjernobyl-ulykka kan lesast av i årringar

Skrive av Unni Eikeseth, NRK, 2013

Nye studiar viser at dyr og plantar enno slit med følgjene av den radioaktive strålinga etter Tsjernobyl-ulykka.


ikon

Ut og klappe elgar

Skrive av Anne Viken, Norsk Barneblad

I Jämtland i Nord-Sverige finst ein gard med tamme elgar som kan klappast.


ikon

Våt opning på sanden

Skrive av Hild Nordal, Sunnmørsposten, 2007

«Om lag ti år etter dei første planane om sandvolleyballbane kunne KFUM Volda gjennomføre offisiell opning laurdag.

VOLDA. Det regna trollkjerringar, og publikum stod tett i tett under paraplyar, då Volda-ordførar Ragnhild Aarflot Kalland tok den første serven på den nye volleyballsanden på Årneset laurdag føremiddag.(...)»


ikon

Velkomen til Gulatinget

Skrive av H.P. Martinussen, Fjord1-magasinet, 2005

«Ordførar Trude Brosvik i Gulen har ein særleg grunn til å ynskje folk velkomne i sommar; tusenårsstaden Gulatinget skal opnast.

– Gulatinget var arnestaden for det norske demokratiet og fann stad i Gulen frå rundt år 900. I om lag 400 år møttest folket, kongemakta og etterkvart kyrkjemakta til årlege ting der lover vart utmeisla og folkestyret grunnlagt. Gulatingslova vart seinare malen for demokratiske lover i fleire land, fortel Brosvik. (...)»


ikon

Vil finne løysing for Olden–Innvik

Skrive av Anne-Mari Tomasgard, Sunnmørsposten, 2007

«Samferdsleminister Liv Signe Navarsete er innstilt på å finne ei løysing for å framskunde opprusting av riksveg 60 Olden–Innvik.

STRYN.
Ministeren hadde ikkje med seg pengar då ho var i Stryn i helga, men gav klare signal om at vegstrekninga mellom Olden og Innvik ikkje kan vente særleg lenger. (...)»


ikon

Vil gjera nynorsken enklare

Skrive av Margunn Sundfjord, Nynorsk Pressekontor, 2007

«(NPK–Margunn Sundfjord): Skriv du nynorsk, kan du i dag velja og vraka blant ulike skrivemåtar. Den store valfridomen er omdiskutert. No vil Språkrådet stramma inn og gjera nynorsken enklare.

– Vi har ikkje diskutert konkret kva vi skal sjå på, men målet er å laga ei tydeleg, enkel og stram norm utan sideformer, seier nestleiar i Språkrådet, Magni Øvrebotten. (...)»


ikon

Vil ha fleire skatarar

Skrive av Steinar Sund, Norsk Barneblad, 2012

Tre elevar i niande klasse ved Sigdal ungdomsskole i Buskerud starta eigen skateskole for medelevar våren 2012. Dei ønskjer fleire skatarar og ein skaterampe på skolen.


ikon

Vil opne for nynorsk i ELLE

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Nynorsk Pressekontor, 2007

«(NPK): Ho skreiv nynorsk heilt til ho fekk jobb i Dagbladet og vart nøydd til å tilpasse seg språknorma der. Som sjefredaktør i ELLE kan Signy Fardal sjølv setje premissar. – Vi kan godt prøve ut nynorsk, seier ho.

– Det er ikkje slik at vi har ein politikk som seier at vi ikkje skal skrive på nynorsk i ELLE. Vi har berre aldri gjort det, men vi skal teste det ut. (...)»


ikon

Vil refse og rose folkemusikkmiljøet

Skrive av Inger Robøle Kristiansen, Nynorsk Pressekontor, 2007

«(NPK–Inger Robøle Kristiansen): Han skjelv ikkje framfor oppgåva, den nye leiaren av Spelemannsbladet, Knut Aastad Bråten. Entusiastisk og djerv, blid og utovervendt tek han fatt, og har klare meiningar om korleis han meiner bladet bør vera, og kva folkemusikkmiljøet må bli betre på.

– Spelemannsbladet er det einaste bladet for norsk folkemusikk, og vi må vera bevisste på det. Vi skal spegle miljøet, men må også utfordre det ved å vera kritiske. Elles gjer vi folkemusikken ei bjørneteneste. Vi må også våge å vera politiske. Men dette går eg til med stor vellyst, seier etnologen, dansaren og langeleikspelaren frå Ranheimsbygda i Nord-Aurdal. (...)»


ikon

– Målstrid så lenge vi må

Skrive av Knut Arne Aarset, Sunnmørsposten, 2007

«– Målstriden skal vi kjempe heilt til vi får gjennomslag, lovar Susanne Egset frå Ørsta. Ho fekk inn ei rekkje underskrifter under lærebokstreiken i Volda torsdag.

VOLDA.
Fleire hundre elevar møtte opp då Marita Hovland frå Norsk Målungdom heldt streikeappell for nynorske lærebøker i Voldahallen torsdag føremiddag. Samla sett var fleire tusen elevar ved vidaregåande skular også i Ørsta, Kristiansand, Bergen, Oslo, på Voss og på Sandane med på punktstreiken. (...)»


Reportasjar

ikon Reportasje er ein blandingssjanger brukt i media, som i aviser, tidsskrifter, radio og fjernsyn. Reportasjen er meir omfattande enn eit referat.

Tidligere var det sjeldan at nokon kunne fortelje eit publikum «på direkten» kva som skjedde. Det tok gjerne dagar eller veker før reportasjen kom på trykk. Døme på tidlege reportasjer er reiseskildringane til Marco Polo og dei første norske polarekspedisjonane.

Medan eit referat nøkternt fortel kva som har skjedd, vil ein reportasje frå same hendinga kanskje ha med skildringar av området rundt, stemning, gjerne eit intervju med observatørar og annan utdjupande informasjon.

I ein reportasje forsøker ein å gi bakgrunnstoff for sjølve hendinga i tillegg til saksinformasjonen, og då må ein ofte ta i bruk mange ulike sjangrar: som referat,intervju og skildring.

Bilete er eit viktig innslag i ein reportasje. Vi kan snakke om ein eigen sjanger, biletreportasjen, der heile reportasjen er bygd opp av bilete med korte kommentartekstar til.

Ein reportasje blir ofte bygd opp med overskrift, ingress, brødtekst og bilete.

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.