Tekstbasen 2 - Nynorsksenteret –

TEKSTBASEN

Nynorske sakprosatekstar i ulike sjangrar

ikon

22,1 millionar kroner til Antidoping Norge i 2010

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Regjeringa, 2009

Stiftinga Antidoping Norge får 22,1 millionar kroner av spelemidlane til idrettsformål i 2010. Det har regjeringa avgjort i statsråd i dag. Tilskotet er ein auke på 600 000 kroner frå 2009. [...] - Antidoping Norge bidrar til at vi har eit antidopingprogram som er blant dei leiande i verda, slår statsråd Anniken Huitfeldt fast. Med auken ønskjer regjeringa å oppretthalde og utvikle Antidoping Norge som uavhengig kontroll- og påtaleorgan. [...]


ikon

Miljøpris til Fedje-folket

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Hordaland fylkeskommune, 2007

«Hordaland fylkeskommune sin miljøpris for 2006 er tildelt Fedje-folket, representert ved kommunen og «Folkeaksjonen for heving av kvikksølvet frå U-864». Prisen vert tildelt for eit særdeles stort engasjement for å hindra ein framtidig miljøkatastrofe som følgje av den store kvikksølvlasta i vraket av U-864.

Prisen, som er på kr 35 000, vart utdelt under Hordaland fylkesting sitt møte i Bergen tysdag 16. oktober. Prisen vart motteken av Fedje-ordførar Erling Waldershaug og representantar for aksjonsgruppa. Leiar i kultur- og ressursutvalet, Georg Indrevik, stod for utdelinga. (...)»


ikon

Ny forseinkingsrente frå 1. juli 2007

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Finansdepartementet, 2007

«Finansdepartementet har i forskrift fastsett forseinkingsrenta for andre halvår 2007. Rentesatsen skal vere 11,5 %.

Forseinkingsrenta blir fastsett kvart halvår, med verknad frå 1. januar og 1. juli. Satsen skal vere Noregs Bank si styringsrente, lagd til minst 7 prosentpoeng. Dei nemnde reglane om dette gjennomfører EØS-reglar som svarer til eit EU-direktiv om forseinka betaling.»


ikon

Ny leiar i medieansvarsutvalet

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Regjeringa, 2009

"Advokat Helge Olav Bergan er i dag oppnemnd til ny leiar i medieansvarsutvalet. Bergan erstattar advokat Janne Kristiansen, som sa frå seg leiarvervet i utvalet då ho vart utnemnd til ny PST-sjef.

Helge Olav Bergan er partner i advokatfirmaet Haavind AS og leier arbeidet i firmaet innan medie- og underhaldningsbransjen. Bergan har spesialisert seg innanfor kringkasting, medie- og immaterialrett.[...]"


ikon

Ny ordning med bokføringspålegg og vilkårsbunden tvangsmulkt

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Finansdepartementet, 2007

«Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2008 at skatteetaten skal kunne gje bokføringspålegg og vilkårsbunden tvangsmulkt ved brot på bokføringslovgjevinga.

Ei rekkje undersøkingar som er gjennomførte av skatteetaten, viser at det er eit klart behov for å betre kvaliteten på rekneskapane til dei næringsdrivande. Manglar i bokføringa gjer kontrollarbeidet i samband med likninga vanskeleg. I mange tilfelle er det og ein samanheng mellom manglar i bokføringa og ulike typar økonomisk kriminalitet, blant anna skatte- og avgiftsunndragingar. (...)»


ikon

Presseinvitasjon: Kulturministeren feirar Magnus Carlsen

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Regjeringa, 2009

"I samband med Magnus Carlsen si erobring av fyrsteplassen på den internasjonale sjakk-rankinga, inviterer kulturminister Anniken Huitfeldt til feiring på sitt kontor. Til stades er også Henrik Carlsen, samt sponsorsjef Espen Agdestein og tidligare trenar Simen Agdestein. Møtet er ope for pressa."


ikon

Talfesta språkfakta i Ivar Aasen-tunet

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Nynorsk kultursentrum, 2010

"Onsdag 27. januar blir den mest omfattande og oppdaterte dokumentasjonen av språk i Noreg presentert i Ivar Aasen-tunet.

I 247 tabellar og 95 figurar fortel Språkfakta 2010 det meste som kan talfestast om språksituasjonen i Noreg, og mykje om språk i andre land. Talmaterialet er samla og tilrettelagt av direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. Han har også skrive innleiingar til dei 18 kapitla i publikasjonen. [...] "


ikon

– Viktig signal om vår tids største utfordring

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Arbeidarpartiet, 2007

«– Ved å gi Nobels fredspris til Al Gore og FNs klimapanel signaliserer Nobelkomiteen tydeleg at den globale oppvarminga er vår tids største utfordring. Prisen er ei viktig anerkjenning av jobben Al Gore har gjort for å setja klima på den globale dagsordenen, seier leiaren av utanrikskomiteen, Olav Akselsen.

Akselsen meiner prisen også er ei klar stadfesting av FN og Klimapanelet si rolle som internasjonal koordinator i kampen mot global oppvarming og andre internasjonale utfordringar. (...)»


Pressemeldingar

ikon Ei pressemelding er gjerne ein tekst som blir sendt til media for å spreie informasjon med nyheitsverdi. Teksten blir gjerne sendt som e-post eller telefaks til aviser, radio og TV.

Pressemeldingar er ikkje nyheitsreportasjar, og er ofte subjektive i retning ønska til distributøren. Bruk av pressemeldingar er vanleg innan informasjon og samfunnskontakt.

Nytt i dag er også bruken av videopressemeldingar som blir sende til nettavisredaksjonar. Mange blir også spreidde på videodelesider på Internett.

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.