Tekstbasen 2 - Nynorsksenteret –

TEKSTBASEN

Nynorske sakprosatekstar i ulike sjangrar

ikon

Å etablere eit språk med andre menneske

Skrive av Marit Lajord, Framtida, 2013

Tuva Svendsen lærte seg samisk som 9-åring. Her fortel ho om prosessen, språket og identiteten.


ikon

-Smakar som kjøt, men lite saftig

Skrive av Unni Eikeseth, NRK, 2013

Verdas første kunstig framstilte hamburgar vart fortært på pressekonferanse i dag.


ikon

All that jazz

Skrive av Cecilie Molvær Jørgensen, ELLE interiør, 2008

Hilde Louise var ikkje i tvil om kva ho ville vise fram då ELLE Interiør skulle kome på besøk. – Eg elskar denne stolen, det er far min som har designa han, fortel ho, oppglødd. Den har namnet Contura, mens faren heiter Svein Asbjørnsen, www.furnart.no. Som direktør i eige plateselskap, Sweet Morning Records, eit jazzalbum som står til seks og ny hovudrolle med Riksteatret, er det ikkje rart jenta snurrar på stolen!


ikon

Bella Donna

Skrive av Cecilie Molvær Jørgensen, ELLE interiør, 2008

«På scena er Beady Belle-vokalist Beate Lech ujålete og lidenskapeleg. Heime er interiøret hennar akkurat like ekte.

Rotehovud eller ordensmenneske?

Eg er nok eit ordensmenneske. Fordi det er ganske kaotisk inne i meg, likar eg å ha orden på utsida. Men det er ei utfordring, spesielt med ei lita dotter på 1 ¾ år, som synast det kjekkaste i verda er å trykke brunosten ned i golvet (...)»

Tema: musikk


ikon

Bokstavkjeks forskjellsbehandlar ikkje

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Sætre kjeks, 2007

«Vi er glade for å informera deg om at Bokstavkjeks ikkje forskjellsbehandlar NYNORSK og BOKMÅL...»


ikon

Bratt skredjord og kjærleik

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Balholm AS, 2013

"Fruktbøndene i Sogn er vane med eit liv i bratte motbakkar. Langs dei irrgrøne liene opp frå Sognefjorden ligg dei minste fruktgardane i landet..."


ikon

Den fagre jenta vil ut å blenkja

Skrive av Nationen Nationen, Nationen, 2014

Reklame for avisa Nationen


ikon

Den store ekspedisjonen

Skrive av Geir Egil Eiksund, Goggenbloggen, 2011

"Øyvind og Geir Egil har vore på tur. På lang og høg tur. Slikt blir det film av!"


ikon

Det største i verda

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Flimmer film, 2007

Anders fortel om korleis det er å bli far.

I februar 2007 arrangerte Flimmer film i Bergen filmverkstad på Osterøy i samarbeid med NRK Norge Rundt. Åtte deltakarar laga digitale forteljingar med utgangspunkt i ein personleg eigedel.


ikon

Du ser ikkje dobbelt

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Specsavers

No får du 2 par progressive for prisen av 1

Akkurat no får du to par progressive briller frå 1495,-. Når vi seier 2 for 1 og gir eit par briller med på kjøpet for 0,- er innfatningane sjølvsagt i same priskategori og har same kvalitetsglas frå PENTAX. For hos Specsavers treng ikkje kvalitet koste ein formue.


ikon

ELLE i møte med Peter Opsvik

Skrive av Cecilie Molvær Jørgensen, ELLE interiør, 2008

Med sine snart 70 år og over fire tiår bak seg som formgjevar, har nasjonaldesignaren vår sete seg gjennom livet. Danskane har Arne Jacobsen, finnane Alvar Aalto. Vi har Peter Opsvik.


ikon

Epleferda i Hardanger

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, TINE, 2008

TINE bruker det kjende maleriet "Brureferda i Hardanger" som inspirasjon når dei i denne reklamen sel eplejuice frå Hardanger.


ikon

Eventyrleg sildefiske

Skrive av Jo Hjelle, Bergens Tidende, 2010

Sotrabåten "Liafjell" finn sild utanfor Øygarden. Sildefisket er snart som i gamle dagar. (Videoen varar i tre minuttar.)


ikon

Fiskeeventyr åleine som 18-åringar

Skrive av Hans-Olav Rise, NRK Møre og Romsdal, 2013

Det er ikkje kvardags lenger at to unge gutar reiser nordover til Lofoten på fiske. Men til helga gjer to 18-åringar frå Midsund i Romsdal akkurat det, åleine i eigenlaga sjark.


ikon

Framtida.no

Skrive av fleire forfattarar, www.framtida.no

Framtida.no er ein nettstad for, om og av framtida! Nettstaden blir redigert på nynorsk, og vi har førebels avtale med fleire lokalaviser, Dag og Tid, Magasinett, Pirion og lnk.no om levering av artiklar. Nettstaden skal styrkja nynorsken, bidra til fleire lesarar til samarbeidspartnarane og bidra til å auka og få fram engasjementet til unge. Bak Framtida.no står ABC Startsiden, Landssamanslutninga av nynorskommunar, Landslaget for lokalaviser, Mot til å meina, Magasinett og Pirion. Fleire lokalaviser og Dag og Tid leverer stoff. Kulturdepartementet støttar prosjektet som ein del av det språkpolitiske arbeidet.


ikon

Heimespøta

Skrive av Ragnhild Storsletten Åse, Heimespøta

(plakat for arrangement)


ikon

Heimespøta

Skrive av Ragnhild Storsletten Åse, Heimespøta, 2013

(plakat for arrangement)


ikon

Heller ein gut

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Flimmer film, 2007

Camilla fortel om korleis det kan vere å bli fødd inn i ein familie med eldre sysken.

I februar 2007 arrangerte Flimmer film i Bergen filmverkstad på Osterøy i samarbeid med NRK Norge Rundt. Åtte deltakarar laga digitale forteljingar med utgangspunkt i ein personleg eigedel.


ikon

Hjartesmil

Skrive av Mariell Øyre, Hjartesmil

Mariell Øyre er ein ung bloggar, som i følgje seg sjølv mellom anna "...elskar tulipanar, britiske forteljarstemmer, truser som ser ut som bakverk, lukta av gamle klede, grammofonar, jenter med rosa hår, kanninasar, origami, sløyfer i håret, makronar og lukta av appelsiner..."


ikon

Hugs bilbelte

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Statens vegvesen, 2005

Reklameplakat frå ein kampanje vegvesenet har hatt langs vegar og i magasin sidan 2005


ikon

Hyttehelvete

Skrive av Håkon Tveit, Dag og Tid, 2014

Melding av filmen Amnesia


ikon

Ingen har meir bær og færre kaloriar i syltetøyet

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Lerum, 2007

«Har du tenkt på at bær er noko av det sunnaste du kan eta? Fulle av vitaminer og antioksidantar som kroppen treng og som til og med smakar godt? Så når du ikkje et meir syltetøy er det sjølvsagt fordi mange typar inneheld sukker. (...)»


ikon

Intervju med pistol og kamera

Skrive av Hjalmar Eiksund, Nynorsksenteret

Mange nyttar høvet på starten av skuleåret til å la nye fjes intervjue kvarandre. Inkluderer ein datamaskinen med nokre enkle biletprogram og litt teksthandsaming, kan ein gjere dette til eit arbeid med samansette tekstar.

Aktuell tekst: teksten om Bella Donna i ELLE interiør.


ikon

Jakta på den norske kulturen

Skrive av Astrid Dypvik, Nationen, 2013

Alle parti er opptatt av norsk kultur. Men norsk kultur er ikkje det same om du spør ein Venstremann, ein Senterpartist eller ein Framstegspartipolitikar.


ikon

Kjærteikna

Skrive av Cecilie Molvær Jørgensen, ELLE interiør, 2009

Kjærleik er hovudingrediensen i alt dama bak motemerket Filippa K gjev seg ut på. I jobb og privat. Og i Paris-leilegheita ho delar med kjærasten Thomas.


ikon

Kraftfull og nyskapande med lokale røter

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Sogn og Fjordane Energi AS, 2007

«Kraftfull SFE har evne til å utføre store oppgåver for lokalsamfunna; som tilgang på kraft frå tradisjonelle og nye energikjelder, distribusjon av kraft, breibandutbygging. (...)»


ikon

Kreativ nynorsk på utstilling

Skrive av Andrea Rygg Nøttveit, Framtida, 2013

Sandra Vestheim har laga film om språket i kvardagen sin. No er resultatet med i Nasjonalbiblioteket si feiring av den europeiske språkdagen.


ikon

Kvinnemakt: slå ein mann, anmeld han så for å ha slått deg.

Skrive av Anne Viken, Anne Viken Blogg, 2011

"Ein gong sat eg på kjøkkenet hos ein kamerat og tok ein øl. Klokka var tolv på kvelden, ute var det mørkt. Vi brygga oss ein kopp te. Alt var stilt og roleg, men det varte ikkje lenge. Brått kom eksdama. Ho gjekk rett inn, utan å banke på. Først såg ho stygt på meg, så skjelte ho ut han etter notar fordi eg var der. Ho var rasande galen og alkoholpåverka. "


ikon

LERUM

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Lerum

«2007: Lerum 100 år!

I 1907 starta Kari og Nils Lerum med saftproduksjon i den vesle grenda Sørheim i Sogn. Dette vart oppstarten til industrieventyret Lerum, som gjennom 4 generasjonar har vidareforedla råvarer av dei beste frukt og bær.

I anledning 100 års jubileet, har vi teke fram att Lerum sin første logo. Denne vart teikna av Nils H. Lerum, der tannhjulet illustrerer den industrielle verksemda som starta opp i 1907. (...)»


ikon

Lerum - Noregs folkesaft!

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Lerum, 2007

«Kvalitet gjennom 4 generasjonar har gjort Lerum til Noregs mest kjente og selde saft. I ei undersøking gjort av ACNielsen skåra Lerum klart høgast på kjennskap (top of mind) av alle saftmerker i Noreg. (...)»


ikon

Lerum reklamefilmar

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Lerum

Eit utval reklamefilmar frå saftprodusenten Lerum.


ikon

Lerums milde appelsinjus og Lerums eplejus

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Lerum, 2013

Reklame frå Lerum. "I saftbygda i Sogn har me vore særs opptekne av frukt og bær i over 100 år..."


ikon

Modig portrett

Skrive av Guri Kulås, Klassekampen, 2014

Filmmelding. Godt ungdomsportrett med uvant skildring av ei krevjande kvinne.


ikon

Mora di er homo!

Skrive av Runar Gudnason, Syn og segn, 2010

"I ein boksering møtest unge sveitte, kortklipte menn til nærkamp. Men i staden for shorts har dei på seg store brøker og t-skjorte; i staden for boksehanskar har dei ein mikrofon i den eine neven, og verda i den andre [...]"


ikon

Morfaren min

Skrive av Signe Røsland, Flimmer film

Signe Røsland som sjølv er bestemor, fortel om sitt eige forhold til eigne besteforeldre, og då spesielt morfaren sin.


ikon

Mystisk øy sletta frå kartet for godt

Skrive av Unni Eikeseth, NRK, 2013

Ei Stillehavsøy kjent sidan 1876 var fordufta då australske forskarar leita etter henne.


ikon

Mystisk flugedød skakar Fjærland

Skrive av Johannes Eggen Mundal, Johannes-bloggen, 2011

"Torsdag ettermiddag vart det funne eit titalls daude fluger i snøen i Mundal. Flugedøden vert sett i samanheng med daude fuglar som har regna ned over Amerika, Sverige og andre uforståelege geografiske koordinatar siste veka."


ikon

Naturen er for alle

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Skogstad Sport, 2013

Annonse frå Skogstad Sport


ikon

No opnar McDonald's på Stord!

Skrive av Stord McDonald's, McDonald, 2014

"Den 20. november opnar vi vår første restaurant i Sunnhordland. Vi feirar med mykje moro og ikkje minst gode opningstilbod."


ikon

Noreg klimaversting i ny studie

Skrive av Unni Eikeseth, NRK, 2013

Berre Kuwait og Qatar slår Noreg i CO2-utslepp per person dersom ein tel med norsk olje- og gass brent i utlandet.


ikon

OL går frå kjipt til kjipare for Solemdal

Skrive av Hans-Olav Rise, NRK Møre og Romsdal, 2014

Medaljejoker Synnøve Solemdal (24) har slite så langt i OL. Etter to dårlege løp må ho no stå over det tredje på grunn av sjukdom.


ikon

Om ein time set ho fyr på seg sjølv

Skrive av Kjersti Mjør, Bergens Tidende, 2013

Ein time etter dette bankbesøket, sette tamilske Garolin Vinotha Nesaraja fyr på seg sjølv og barnet sitt. Eit år etterpå har BT reist til Sri Lanka for å prøve å forstå kvifor.


ikon

Ooooh, vi reiser saman

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, www.ruteinfo.net, 2007

Nettstaden www.ruteinfo.net er ein portal for kollektivtransport i Sogn og Fjordane. Gjennom denne reklamen spelar nettstaden på ein gammal Olav Stedje-klassikar, og får samstundes fram nytten i å reise kollektivt.


ikon

Ord for alt?

Skrive av Sylfest Lomheim, Klassekampen, 2013

Talet på potensielle ord i eit språk er uendeleg.


ikon

Overfallen og rispa med kniv i ansiktet

Skrive av Jon Bolstad, NRK Hordaland, 2014

Mannen i 20-åra skulle berre handle på butikken. På vegen vart han brutalt overfallen av fire ungdomar. - Valden var rasistisk, seier politiet.


ikon

ps

Skrive av Harald Espeland, Bergens Tidende, 2013

"Facerape er ikkje det nye. I takt med utviklinga i sosiale medium, må også dei ulike spøkane halda takta"


ikon

Ravatn, Agnes: Fugletribunalet (Samlaget 2013)

Skrive av Mai Lene, Once Upon A Time, 2014

Bokmelding


ikon

Rekvisittar for eit liv

Skrive av fleire forfattarar, Nynorsk kultursentrum

"Då Ivar Aasen døydde i 1896, arva slekta hans på Sunnmøre alt som var att etter han. Om vi held dei 2500 bøkene utanfor, var det 225 gjenstandar som vart sendt frå Kristiania til Hovdebygda etter Aasens død. Dette var stort sett praktiske og nødvendige ting som var ein del av kvardagen til Ivar Aasen. Desse gjenstandane kan fortelje noko om tida mannen levde i, og det kan fortelje mykje om mannen som eigde dei.

Ragnar H. Albertsen frå fylkesfotoarkivet har fotografert alle gjenstandane, og av desse er det valt ut 20 bilete som er gitt til norske forfattarar. Dei har skrive kvar sin tekst til bileta, og gjennom dette gitt nytt liv til gjenstandane. Det er også skrive kulturhistoriske tekstar om kvar gjenstand, og Ivar Aasens eigne tekstar om gjenstandane ligg ved. Summen av dette håpar vi både vil overraske og skape ny forståing for kven Ivar Aasen var. "


ikon

Saftrevolusjonen held fram - 3 nye friske smakar

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Lerum, 2007

«Lerum «Utan tilsett sukker» kjem no i 3 nye friske smakar. Alle variantar i den populære saftserien inneheld heile 97% råsaft av ekte frukt og bær.»


ikon

Saftrevolusjonen!

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Lerum, 2007

«Lerum «Utan tilsett sukker» - ein heilt ny saftserie med heile 97% råsaftinnhald! (...)»


ikon

Sko frå Milano

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Tussa, 2007

«Sko frå Milano, Buss frå Volda, Balanse frå yoga, Mobil frå Tussa (...)»


ikon

Snubla over kjøttetande plante på Svalbard

Skrive av Kjersti Strømmen, NRK, 2013

"Biologar har snubla over ein blomsterart som aldri før har vore funne på Svalbard. Ekspertar meiner at funnet er ein sensasjon, og eit tydeleg teikn på kor lite ein veit om det biologiske mangfaldet i eit smeltande Arktis."


ikon

Surfejenta

Skrive av Cecilie Molvær Jørgensen, ELLE interiør, 2008

«Rockevokalist Mariann Thomassen er ei rose av dei sjeldne. Med tett program og nytt plateslepp rir ho bølgjene hardare enn dei fleste.

Rotehovud eller ordensmenneske?

Eg har fullstendig orden på kleda mine, men resten er kaos. Når eg reiser så mykje som eg gjer, og må ha ulike kle til ulike happeningar, er det viktig å ha stålkontroll. Eg har eit veldig kjærleiksforhold til kleda mine, eg kjøper aldri plagg eg treng, berre dei eg forelskar meg i.»

tema: musikk


ikon

Ta juleklippen hos oss

Skrive av Kib & Morits, I saksa, 2010

Julekampanje frå frisøren I SAKSA i Volda bruker saksene på ein noko utradisjonell måte.


ikon

Teikneseriar

Skrive av fleire forfattarar, Nynorsksenteret

"Er du på jakt etter gode nynorske teikneseriar? På seriesida finn du striper og sider som syner noko av det mangfaldet som finst i den nynorske teikneserieverda. Alle seriane er tilgjengelege som PDF-ar til utskrift."


ikon

Tenkaren

Skrive av Cecilie Molvær Jørgensen, ELLE interiør, 2009

– Kva gjer vi når gjennomsnittsalderen i den vestlege del av verda om 15 år er 55? Eg berre spør: Kva gjer vi? Arik Levy heiser skuldrene opp under øyra og vender handflatene oppover i ein spørjande gest. Auga borar intenst i meg, og eg er redd han forventar at eg skal kome opp med eit vitugt svar. Heldigvis tar han berre ei kort pustepause før han fortset.


ikon

Tsjernobyl-ulykka kan lesast av i årringar

Skrive av Unni Eikeseth, NRK, 2013

Nye studiar viser at dyr og plantar enno slit med følgjene av den radioaktive strålinga etter Tsjernobyl-ulykka.


ikon

Tusen lyn på tors dag

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Firda Tidend, 2006

Når torevêret slår til for fullt på Vestlandet er det ikkje uvanleg med mellom 100 og 200 lyn. Men på torsdag var Tor ekstra ivrig med hammaren.

Dei nær 1000 lynnedslaga på Vestlandet torsdag kveld førte til at straumen var borte mange stader i Sogn og Fjordane.


ikon

Vossatassar

Skrive av ikkje namngjeven forfattar, Vossatassar, 2013

For born med leik som livsstil


Samansette tekstar

ikon Ein samansett tekst nyttar fleire teiknsystem i eitt uttrykk, til dømes skrift, lyd, stillbilete, levande bilete.
Internasjonalt blir omgrepet multimodale tekstar ofte brukt.

Denne vevsida er utvikla av Nynorsksenteret.